Råda er med tanke på eit radioaktivt utslepp til luft, som vil seie at eit avgrensa geografisk område i opptil nokre døgn blir ramma av ein luftstraum med radioaktive partiklar. Desse partiklane vil kunne falle ned med nedbør og feste seg til materiale det treffer, leggje seg på jord, gras og andre overflater. Resten av partiklane «dreg vidare» med vêr og vind i løpet av nokre dagar. Problemet med desse partiklane er at dei sender ut stråling som kan vere helsefarleg, særleg dersom dyr og menneske får dei i seg gjennom pust eller inntak av mat og drikke. Er det eit veldig høgt nivå av radioaktive partiklar vil ein vurdere å sikre område for å hindre ferdsel, ein vil be folk om å halde seg innandørs mens skya passerer og om det er mykje jod i skya vil ein tilrå grupper i befolkninga å ta jodtablettar.
Eit viktig prinsipp i strålevern er å halde all eksponering for stråling som låg som praktisk mogeleg og her er avstand og tid avgjerande. Dess lengre unna strålinga ein er dess betre og dess kortare tid ein blir eksponert dess betre, derfor vil ein tilrå folk å halde seg innandørs om ein kjem over ei tiltaksgrense i mengd stråling i lufta. Det vil ikkje vere akutt helseskadeleg å opphalde seg utandørs i den perioden den radioaktive lufta passerer, men innandørsopphald vil redusere stråleeksponering.
Ein skal også unngå å få partiklane på huda både fordi dei gir stråling der og fordi det aukar sannsynlegheita for at ein får partiklane i seg gjennom munnen. Derfor tilrår ein å dekkje til hud og hår dersom ein må gå utandørs.
Eit anna viktig poeng er at råda som blir tilrådde vil avhenge av kva som skjer: kva utsleppet inneheld og kor stort det er. Det er derfor ikkje mogeleg å gi heilt konkrete råd for alle tenkjelege situasjonar.
Råd om bruk av jodtablettar
To dosar kan bli aktuelt i umiddelbar nærleik til ei lokal hending på norsk jord der ein ikkje får kontroll på eller stoppa utsleppet, altså at ei sky med radioaktive partiklar blir liggjande lengre enn 48 timar. Dette er med andre ord aktuelt berre i spesielle situasjonar og det vil ikkje bli aktuelle å dele ut dose nummer to gjennom skoler/kommunar fordi ein då har eit langtrekt utslepp med samtidig råd om opphald innandørs og folk vil opphalde seg heime. Det er også derfor vi tilrår folk å ha tablettar heime.
Ved melding om utdeling gjennom kommunane vil det vere snakk om at tablettane skal takast same døgn eller døgnet etter, det er ingen problem med haldbarheit over så kort tid.
Ved kjøp i apotek får dei eit informasjonsark som er tydeleg merka med dosering for akkurat den typen dei har kjøpt, på same måte som det følgjer eit skriv med dosering i eller på posen med tablettane dei får av kommunen.
På nettsida "Jodtabletter ved atomulukker" er det også informasjon om ulike typar tablettar og tilsvarande dosering.
Råd om opphald innandørs og klær for personell som må opphalde seg ute
Nei, bedrifter og verksemder har ansvar for eigne tilsette.
Munnbind er betre enn ingenting, FFP2 er betre enn munnbind og FFP3 er betre enn FFP2. FFP3 har filter som også vernar mot radioaktive partiklar.
Kva ein skal skaffe kjem an på kor mykje og kor lenge ein skal vere utandørs.
Ja, det kan ein, poenget er å dekkje hud og sleppe å skifte og vaske klede kvar gong ein har vore ute.
Nei, det held å vaske det i etterkant.
Det er betre enn ingenting, mens ein heildress er betre enn poncho igjen. Poenget er å minske radioaktive partiklar på klær ein tek med seg inn etter å ha vore ute. Igjen kjem det an på omfanget av utandørsopphald.
Radioaktive partiklar er ikkje som eit virus, det er ikkje ekstra farleg å få partiklar på auget. Det er ingenting i vegen for å bruke augevern, men det er ikkje nødvendig i denne samanhengen.
Ein kan bruke same dress og maske over lengre tid (heile skiftet) så lenge ein er litt nøye med måten ein tek av og på utstyret, og vaskar hender før ein går inn til pasient. Det same gjeld for maskane.
Det er ikkje veldig viktig å bruke hanskar ved korte opphald utandørs, handvask kan vere godt nok. Om ein utfører arbeid utandørs over lengre tid er vanlege hanskar godt nok, dei skal kunne verne huda mot (radioaktivt) støv.
Om du ikkje tek av klede før du set deg i bilen bør bilen vaskast innvendig i ettertid. Det er ikkje noko spesifikt tidsintervall for bytte av klede.
Snøen kan vere radioaktiv ei stund, men det er berre dersom du er i kontakt med snøen du kan få radioaktive partiklar på deg. Bruk hanskar og tørk av både hanskar og sko i ettertid.
Ja, dører og vindauge bør lukkast og ventilasjon bør stengjast av så langt det lèt seg gjere. Dette må kvar kommune og verksemd finne ut av for bygningane sine.
Ja, dersom vi får eit reelt utslepp til Noreg kan det blir oppretta rådgjevartelefon.
Vi har ikkje noko tekniske krav til sikringsutstyret anna enn at det skal verne hud og klede mot støv og partiklar og filtrere lufta ein pustar inn til ein viss grad.
Ja, det er betre enn ingenting og vil minske mengda partiklar ein pustar inn noko.
Ja, dersom kluten blir kasta i eigen pose eller blir vaska etterpå.
Dei bør minske mengda tid utandørs, passasjerar bør sitje i baksetet og dette bør vaskast på slutten av dagen eller dekkjast med noko ein kan fjerne i ettertid. Sjåførane vil nok ikkje trenge eige sikringsutstyr.