Sommaraktivitetar 2026 i Aukra

Lurer du på kva du kan gjere i Aukra i sommar? Finn litt inspirasjon i denne artikkelen.

Sjølvbetent sommarkafé på Aukra kulturhus

  • 29. juni til 15. august
  • Måndag til laurdag kl. 11-14
  • Sjølvbetent kafé
  • Vi har også isdisk og kaffiautomat

Aktivitetsdagar på Aukra kulturhus

  • Vekene 27, 28, 32 og 33
  • Aldersgrense: 10 år (født 2016) opptil 13 år (født 2013)
  • Tysdag, onsdag og torsdag kl. 10-14 i vekene 27, 28 og 32
  • Måndag, onsdag og fredag i veke 33
  • Aktivitetane i veka 27 og 28 vil gjenta seg i veke 32 og 33
  • Ulike aktivitetar og gratis lunsj kvar dag

Påmelding til aktivitetsdagane

Vel den veka du ønskjer - det er plass til maks 15 barn per veke.

Bruk QR-koden til påmeldingsskjema, eller send ein e-post med namn på barnet, alder, kontaktinformasjon til føresett og eventuelle allergiar/omsyn til Idun Solem Sandøy.

Send ein e-post til Idun

QR-kode til påmeldingsskjema for aktivitetsdagane i kulturhuset sommaren 2026 - Klikk for stort bilete

Program - Aktivtitetsdagar på kulturhuset

Open kveld sommar

Open kveld er eit rusfritt gratis tilbod for ungdom frå 8. klasse og opptil 17 år. Dette er ein møtestad for ungdom, der du blant anna kan spele ulike spel eller berre "henge" saman med venner.

  • Fredagar i tidsrommet 26. juni til 14. august kl. 19-23, utanom veke 27, 29 og 30
  • På Sentraln på Aukra kulturhus
  • Du får gratis skyss frå og til ferjakaia på Gossen - ring eller send SMS til ungdomsarbeidarane på mobil 965 15 043

Sommarutstilling i Liljå

  • 17. juli til 16. august i biblioteket sine opningstider
  • Sommarutstilling om 2. verdskrig i Liljå på kulturhuset - du blir kjend med etterretningsorganisasjonen XU, Festung Gossen og motstandsmannen Sven Sømme
  • Sal av Aukra gjennom tidene

Svømmebasseng

  • Opningstider i sommar for perioden 22. juni til 16. august
  • Hinderløypa er sett ut kl. 16-18 på fredag 26. juni, 10. juli, 24. juli og 7. august

Sommaropningstider 22. juni - 16. august 2026

Sommaropningstider 22. juni - 16. august 2026
VekedagKlokkeslett
Måndag14.00-18.00
Tysdag08.00-12.00
OnsdagStengt
TorsdagStengt
Fredag14.00-18.00
Laurdag11.00-15.00
Søndag11.00-15.00

Biblioteket

Biblioteket har vanlege opningstider i sommar, men held stengt nokre dagar:

  • Torsdag 2. juli
  • Torsdag 9. juli
  • Laurdag 11. juli 
  • Laurdag 25. juli 

Sommarles 1. juni - 31. august

Sommarles er i gong. Frå 1. juni til 31. august kan alle 1.-7. klassingar i Aukra vere med på lesekampanjen saman med barn frå heile Noreg. Sommarles har vore ein stor suksess gjennom fleire år.

Målet med kampanjen er å motivere barn til å lese så mykje som mogleg i løpet av ein lang sommarferie. Barna kan registrere bøkene dei har lese og samle poeng på Sommarles si heimeside. All lesing tel, anten barnet les sjølv, blir lest for eller høyrer på lydbok. Etter kvart får dei både digitale trofé og små premiar som dei kan hente på biblioteket. Dei kan òg følgje med i årets Sommarles-forteljing Farlige skurkestreker, som er skrive av Mari Moen Holsve, og få poeng for å løyse oppgåver som er knytta til forteljinga. 

Om nokon har spørsmål om registrering er det berre å kontakte biblioteket.

BUA Aukra - Utlånssentralen

På BUA kan du låne fritidsutstyr gratis. Sjå BUA si side for meir informasjon og tilgjengeleg utstyr.

Du finn BUA i 2. etasje på Aukra kulturhus, ved kulturadministrasjonen.

Løvikremma kystgard

  • Sesongopning 23. juni kl. 12-18 med sal av rømmegraut
  • 24. juni til 2. august: Ope kvar dag kl. 12-16
  • Sal av kaffi og vaflar. På laurdagar er det også sal av rømmegraut.

Løvikremma er frå ca. 1860 og er ein typisk kystgard, der næringsvegande har vore jordbruk og fiske. I sommarsesongen er frivillige frå Aukra vertskap og tek i mot dei besøkande. 

Følg Løvikremma på Facebook for å få informasjon om arrangement.

Besøk heimesida til Løvikremma kystgard.

Tur, friluftsliv, badeplassar

Du finn ei oversikt over turmoglegeheiter, friluftsliv og badeplassar på vår heimeside.

Finn turinspirasjon på StikkUT si heimeside.