Ny dagleg leiar av Romsdal interkommunalt politisk råd

Romsdal interkommunale politisk råd (Romsdal IPR) har konstituert seg etter kommune- og fylkestingvalet. 

Den nye ordføraren i Molde kommune, Trygve Grydeland, vart vald til leiar av representantskapet for ei periode på to år. Ordførar i Rauma kommune, Yvonne Wold, fekk fornya tillit for to nye år som nestleiar. 

- Eg er glad for tilliten eg har fått frå kollegaene mine. Eg ser fram til framleis godt samarbeid med nabokommunane Rauma, Vestnes, Aukra og Hustadvika framover, seier nyvald leiar i Romsdal IPR Trygve Grydeland.

Romsdal interkommunalt politisk råd skal gjennom samhandling bidra til ei positiv utvikling for Romsdal og i medlemskommunane. Rådet skal vera ein aktiv pådrivar og arbeida strategisk med samfunnsutvikling i regionen.

Etter kommune- og fylkestingsvalet har tre av dei fem ROR-kommunane fått ny ordførar. Dette gjeld Aukra, Hustadvika og Molde kommunar. Randi Bergundhaugen (H, Vestnes kommune) og Yvonne Wold (SV, Rauma kommune) vart attvald og er i gang med ein ny ordførarperiode, medan Nils Christian Harnes (Krf, Hustadvika kommune), Helge Kjøll jr. (Krf, Aukra kommune) og Trygve Grydeland (H, Molde kommune) tek fatt på sin første.

Bildet: frå venstre Helge Kjøll jr., ordførar i Aukra kommune – Yvonne Wold, ordførar i Rauma kommune – Trygve Grydeland, ordførar i Molde kommune – Nils Christian Harnes, ordførar i Hustadvika kommune. Randi Bergundhaugen, ordførar i Vestnes kommune, var forhindra frå å delta då biletet vart teke. Foto: Johannes Brekke

Molde, 6. november 2023

  • Trygve Grydeland: Leiar/ordførar Molde kommune – tlf. 986 11 002
  • Yvonne Wold:  Nestleiar/ordførar Rauma kommune
  • Randi Bergundhaugen: Medlem/ordførar Vestnes kommune
  • Helge Kjøll jr.: Medlem/ordførar Aukra kommune
  • Nils Christian Harnes: Medlem/ordførar Hustadvika kommune