No kan du registrere opplysningar om bustaden din sjølvVed å bidra med oppdatert informasjon hjelper du til med å gjere registeret meir nøyaktig – noko som er nyttig både for deg, kommunen og samfunnet. Opplysningane gjev eit betre grunnlag for alt frå byggeløyve til beredskap hos nødetatane.Måndag 9. februar 2026 opnar Kartverket for eigenregistrering av eigedomsopplysningar. Kartverket vil sende ut informasjon per brev og SMS til alle innbyggjarar i Aukra i veke 8. Les meir om tenesta i artikkelen nedanfor.Kvifor er dette viktig?Når du sjekkar og oppdaterer opplysningane, bidrar du til at informasjonen i Eiendomsregisteret blir korrekt og oppdatert. Det gjev fordelar både for deg og for samfunnet, og sikrar at dataa samsvarar med byggeløyva. Eit oppdatert register gjev nødetatar, planleggarar og andre aktørar eit tryggare og betre grunnlag for å ta riktige beslutningar.Sjekk og oppdater opplysningane dineDu kan logge inn på Kartverket si heimeside og registrere informasjon som:byggeårvasstilkopling og avløpbruksarealenergikjelde og type oppvarmingSøk og registrer opplysningar om din eigedomHar du spørsmål?Dersom du har problem med innlogging eller registrering eller har andre spørsmål, ta kontakt med Kartverket.Viktig å viteOpplysningane du registrerer erstattar ikkje kommunen sine eksisterande dataKommunen sine data vert ikkje automatisk oppdatert, men dine registreringar kan bli brukt som grunnlagDersom vi oppdaterer Eiendomsregisteret, vil du få tilsendt brev om detteDu kan når som helst endre eller slette opplysningane du har registrertLes meir om eigenregistrering på Kartverket si heimeside. Publisert 16.02.2026 08.03 Sist endra 16.02.2026 08.08