Kunngjering om førehandsstemming ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023

Frå torsdag 10. august kan du førehandsstemme til årets val. Hugs legitimasjon og ha gjerne valkortet tilgjengeleg.

Når og kvar kan eg førehandsstemme?

I Aukra kommune kan du førehandsstemme på kommunehuset måndag til fredag kl. 8.30-15.30. For fleire datoar sjå tabellen nedanfor.

Førehandsstemming ved kommunestyre- og fylkestingval 2023

Førehandsstemming ved kommunestyre- og fylkestingval 2023
Stad Tidspunkt Kl.slett
Kommunehuset Kvardagar 08.30 - 15.30
Kommunehuset - langope Onsdag 30. august 15.30 - 19.00
Onsdag 6. september 15.30 - 19.00
Aukra omsorgssenter Tysdag 5. september 11.00 - 13.00
Julsundet skole, biblioteket Tysdag 5. september 14.30 – 19.00

Kor lenge varar førehandsstemmeperioden?

Førehandsstemmeperioden startar torsdag 10. august og slutter fredag 8. september.

Meir informasjon

På våre heimesider finn du meir informasjon om årets val som til dømes kven som har stemmerett, kven som stiller til val i Aukra eller korleis du finn ut om du står i manntalet.

Alt om kommunestyre- og fylkestingsval i Aukra