Korleis skal vi saman sikre helsetenestene for framtida?

Behovet for helse- og velferdstenester aukar, samstundes som arbeidskrafta blir knappare. No jobbar seks kommunar i Romsdal og på Nordmøre saman i eit regionalt samarbeid for å sikre berekraftige tenester fram mot 2040.

Dei fleste av oss vil, på eit tidspunkt i livet, ha behov for støtte frå helse- og velferdstenestene. Det kan vere som eldre med ønskje om å bu heime lengst mogleg, som pårørande, eller som forelder til barn og unge som treng ekstra oppfølging. Då er det avgjerande at hjelpa er tilgjengeleg, trygg og relevant – også i framtida.

– Dette handlar om å ta ansvar i tide. Vi veit at behova vil auke, samstundes som vi får færre hender og strammare rammer. Dersom vi ikkje planlegg no, blir handlingsrommet mykje mindre seinare, seier prosjektleiar Siri Haukaas.

Difor har kommunane Aukra, Hustadvika, Kristiansund, Molde, Rauma og Vestnes gått saman i utviklingsarbeidet Helse og velferd – på veg mot 2040.

– Utfordringane vi står i er felles, og det er òg løysingane. Gjennom regionalt samarbeid får vi eit betre grunnlag for å prioritere rett og utvikle meir berekraftige tenester enn vi ville klart kvar for oss, seier prosjekteigar og kommunedirektør Marianne Aasen i Molde kommune.

- Innbyggjarane våre vil ha behov for gode helse- og velferdstenester også i framtida. Difor er det viktig at vi samarbeider regionalt og tenkjer nytt allereie no. Dette arbeidet gir oss eit betre grunnlag for å bruke ressursane klokt, sikre kvaliteten i omsorgen og gi berekraftige tenester over tid. Samstundes handlar det om å ta vare på tryggleiken og tilliten innbyggjarane har til kommunen, seier kommunedirektør Gerd Marit Langøy.

– Målet er ikkje å finne éi rask løysing, men å leggje grunnlaget for eit langsiktig endringsarbeid. Vi må prioritere tydelegare, samarbeide betre og bruke ressursane våre klokare, seier Haukaas.

Arbeidet er støtta av GassROR IKS, og har òg fått støtte gjennom Stimulab-ordninga, som skal bidra til innovasjon i offentleg sektor.

Skal utviklast i dialog med innbyggjarane

Ein viktig del av arbeidet fram mot 2040 er at løysingane ikkje berre blir utvikla internt i kommunane.

– Skal vi ta gode og ansvarlege val for framtida, må vi samarbeide tettare med innbyggjarane og lokalsamfunnet. Difor vil dialog med innbyggjarar, tilsette, frivillig sektor, helseføretak og andre sentrale aktørar vere ein viktig del av dette arbeidet, seier Haukaas.

Kommunane vil i tida framover leggje til rette for ulike former for involvering, der innbyggjarar, tilsette og beslutningstakarar får moglegheit til å bidra med erfaringar, perspektiv og refleksjonar. Dette skal gi eit betre kunnskapsgrunnlag for dei prioriteringane som må gjerast.

– Skal kommunen sikre helsetenestene i framtida, må vi utvikle nye løysingar i samarbeid med lokalsamfunnet. For å få til dette må vi snakke saman om dei vanskelege tinga og finne ut korleis dei felles ressursane våre kan brukast på betre måtar, avsluttar Haukaas.

Gerd Marit Langøy - Klikk for stort bilete

Kommunedirektør Gerd Marit Langøy

Korleis skal vi saman sikre helsetenestene for framtida? - Klikk for stort bilete

 

Prosjektleiar Siri Haukaas

Meir informasjon om prosjektet