Helse og velferd - på veg mot 2040

Behovet for helse- og velferdstenester vil auke i åra som kjem, samstundes som tilgangen på arbeidskraft og økonomiske ressursar blir mindre. Dette er ei utvikling som rører heile landet, også i Aukra og regionen vår.

For å møte desse endringane har kommunane Aukra, Hustadvika, Kristiansund, Molde, Rauma og Vestnes, starta det regionale utviklingsarbeidet «Helse og velferd – på vei mot 2040».

Visjon

“Sammen om nyskaping i helse og velferd”

Målsetting

Målet er å skape berekraftige og framtidsretta helse- og velferdstenester fram mot 2040, som skal setje kommunane i stand til å levere heilskaplege tenester med knape ressursar, færre tilgjengelege tilsette og aukande behov. Gjennom open dialog, tydelege forventningar og gode relasjonar, skal vi bruke samfunnet sine ressursar klokt. Vi skal skape helse- og velferdstenester saman, og samarbeide med lokalsamfunnet for å styrke meistring, tilhøyrsle og førebygging.

Kvifor gjer vi dette?

Dei fleste av oss vil, på eit tidspunkt i livet, ha behov for støtte frå helse- og velferdstenestene. Det kan vere som eldre med ønske om å bu heime lengst mogleg, som pårørande, eller som forelder til barn og unge som treng ekstra oppfølging.

Samtidig veit vi at

  • fleire vil ha behov for tenester
  • færre skal utføre dei
  • mange av dagens løysingar er utvikla for ei anna tid enn den vi er på veg inn i

Dersom vi held fram som før, vil gapet mellom det vi ønskjer å tilby og det vi realistisk kan levere, bli stadig større. Å redusere dette gapet er avgjerande for å sikre berekraftige tenester òg etter 2040.

«Helse og velferd – på vei mot 2040» handlar difor om å ta ansvar i tide.

Eit langsiktig og regionalt utviklingsarbeid

Kommunane i regionen deler mange av dei same utfordringane. Ved å samarbeide regionalt kan vi bygge eit felles kunnskapsgrunnlag, lære av kvarandre og utvikle meir robuste og berekraftige løysingar enn vi ville klart åleine.

Arbeidet er ikkje eit enkelt prosjekt med raske svar, men eit fleirårig endringsarbeid som skal gi ny retning for korleis vi organiserer helse- og velferdstenestene, samarbeider på tvers av kommunar og aktørar, og bruker ressursane våre på nye og kloke måtar.

Arbeidet er støtta av GassROR IKS, og har òg fått støtte gjennom Stimulab-ordninga, som støttar innovasjon i offentleg sektor.

Blir utvikla i dialog med innbyggjarar og tilsette

Ein viktig del av arbeidet fram mot 2040 er at løysingane ikkje berre blir utvikla internt i kommunane. 

For å ta gode og ansvarlege val treng vi òg innsikt i korleis kvardagen faktisk blir opplevd for dei som bruker, yter og møter tenestene. Difor vil dialog med innbyggjarar, tilsette, frivillig sektor, helseføretak og andre sentrale aktørar vere ein viktig del av dette arbeidet.

Kommunane vil i tida framover leggje til rette for ulike former for involvering, der erfaringar, perspektiv og refleksjonar kan bidra til eit betre kunnskapsgrunnlag for framtidige prioriteringar.

Samtidig er det viktig å vere tydeleg på at kommunane har ansvaret for å sikre gode helse- og velferdstenester òg i framtida. Dialog og involvering skal bidra til betre avgjerder, ikkje til å flytte ansvar.

Framdrift i arbeidet

«Helse og velferd – på veg mot 2040» er eit langsiktig utviklingsarbeid som vil gå over fleire år. Arbeidet blir bygd steg for steg, med mål om å skape eit godt kunnskapsgrunnlag for framtidige prioriteringar og endringar.

Fasen vi er i no er fokusert på Stimulab, som er eit eittårig innovasjonsløp for å utvikle og teste ein deliberativ medverknadsmetode. Dette er startmotoren og retningsgjevaren for utviklingsarbeidet. Det er fokus på innbyggjarmedverknad og det å byggje eit godt kunnskapsgrunnlag for vegen vidare. I 2026 blir det difor lagt opp til ein kombinasjon av både fysisk og digital medverknad.

Innspela frå første fase vil danne grunnlag for vidare utvikling av prioriteringar, samarbeidsformer, arbeidsmetodar og moglege nye løysingar innan helse og velferd.

Arbeidet skjer i tett samarbeid mellom kommunane, og i dialog med innbyggjarar, tilsette, beslutningstakarar og andre relevante aktørar.
Meir informasjon om vidare framdrift og involvering vil bli publisert fortløpande på kommunane sine nettsider.

Les meir om tildeling av Stimulab 2025 på regjeringen.no

Kontakt

Silje Liepelt
Kommunalsjef helse og omsorg
E-post
Mobil 91 82 22 50