Jodtablettar og tilgang til desse ved behov

Grunna situasjonen i Ukraina mottek vi ein del spørsmål frå innbyggarne våre om tilgang på jodtablettar. 

Kvifor jodtablettar og situasjon i Aukra

Jodtablettar er eit beskyttande tiltak ved atomhendingar med utslipp av radioaktivt jod. Dei skal imidlertid bare takast etter råd fra myndigheitene. 

Aukra kommune har som del av sin beredskap eit eige lager av jodtablettar. Vi vil dele ut tablettar gjennom våre kanaler til dei under 18 år samt gravide og ammande dersom myndigheitene gir råd om det. For dei mellom 18-40 år er dei nasjonale råda å skaffe seg desse på apotek.

Meir informasjon om temaet

Meir informasjon finn du hos:

  • Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA)

Gå til DSA si heimside

  • Helsedirektoratet

Gå til Helsedirektoratet si heimeside