Inviterer innbyggarane inn – vil styrke lokalsamfunnet saman

Korleis skal vi ta vare på kvarandre i framtida – når behova aukar og ressursane er avgrensa?

Dette er utgangspunktet når kommunane i regionen no inviterer innbyggjarane med inn i arbeidet Helse og velferd – på veg mot 2040. Invitasjonane til den første medverknadsprosessen blir sende ut i desse dagar.

I løpet av kort tid vil tilfeldig utvalde innbyggjarar få invitasjon til dialogmøte i si digitale postkasse.

– No inviterer vi innbyggjarane inn i arbeidet. For å ta gode val for framtida må vi forstå korleis kvardagen faktisk blir opplevd av folk. Dette er ikkje eit vanleg innspelsmøte, men eit arbeid der erfaringar og perspektiv skal vere med og forme vegen vidare, seier prosjektleiar Siri Haukaas.

Dette er òg ein ny måte å arbeide med medverknad på i kommunane.

– Vi prøver ut ei arbeidsform som ikkje er brukt før, der innbyggjarane ikkje berre blir spurde om innspel, men får vere med og utforske utfordringar og dilemma saman med tilsette og politikarar. Det krev noko av oss som kommune, og vi går inn i dette med audmjukheit og eit ønskje om å lære.

Kjernen i arbeidet er dialogmøte i kvar kommune, der eit tilfeldig utval innbyggjarar deltek saman med tilsette og politikarar.

– Vi ønskjer å samle ulike perspektiv rundt same bord. Når vi deler kunnskap og brukar tid på å reflektere saman, får vi betre innsikt i kva som faktisk er viktig å prioritere.

Dette er ikkje ein prosess der vi berre spør kva folk ønskjer seg. Vi må òg snakke om kva som er mogleg å få til, og kva som er viktigast når ressursane er avgrensa.

Arbeidet tek utgangspunkt i kunnskap om utviklingstrekk i kommunane og regionen, mellom anna frå kommunestatistikk i Møre og Romsdal. Samtidig blir det løfta fram tema som er viktige i den enkelte kommunen.

Tema i Aukra kommune

I Aukra er temaet ungt utanforskap. Det kan handle om ungdom som gradvis mistar tilknyting til skule, fritid eller fellesskap, og som står i sårbare overgangar.

Målet er ikkje å finne éi enkel løysing, men å få ei djupare forståing av kva som skal til for at fleire opplever tryggleik, meistring og tilhøyrsle – og kva vi kan få til saman som lokalsamfunn.

Dette er første steg i ein større medverknadsprosess, der fleire rundar med dialog og digital involvering vil kome.

– Dette handlar om kva val vi må ta for framtida, og korleis vi tek dei saman. Vi håpar mange vil vere med og bidra, både dei som blir inviterte inn fysisk, og dei som deltek digitalt, seier Haukaas.

Les meir om prosjektet ved å klikke på denne lenka