Inventar gjevast bort på Fiskarfagskolen, Aukraheimen og Riksfjord skole

Fiskarfagskolen, Aukraheimen og delar av Riksfjord skole skal tømmast. Ombruk og gjenbruk er viktig for oss i Aukra kommune. I staden for å kaste brukbare ting, vil vi at dei skal få nytt liv.

Velkomen til open dag

  • Laurdag 7. november 2026

Klokkeslett:

  • Fiskarfagskolen kl. 10.00-12.00
  • Aukraheimen kl. 12.00-14.00
  • Riksfjord skole kl. 14.00-16.00

Det vil vere fleire tilsette frå Aukra kommune til stades om du har spørsmål.

Du må ta ned og hente bygningsdelar og inventar på laurdag 7. november, innanfor oppsatt tidspunkt.

OBS! Du kan ikkje reservere ting på førehand. Det er først-til-mølla-prinsippet som gjeld.

Kven kan kome?

  • Innbyggjarane
  • Lag og foreiningar
  • Næringsliv

Dette kan du få gratis

  • Innvendige dører og vindauge
  • Bord og stolar
  • Kontorpultar
  • Kjøkkenskap
  • Hyller med meir

Du kan ikkje demontere ytterdører og andre element som gjer at bygget blir ståande ope eller usikra.

Viktig å vite

For å få materialar gratis må du sjølv

  • demontere - ta med eige utstyr!
  • hente
  • rydde opp etter deg

Bygget inneheld miljøfarlege stoff. Ferdsel i bygget og henting av inventar skjer på eige ansvar. Aukra kommune fråskriv seg ansvar for eventuelle skadar eller uhell.

Meir informasjon

Du kan lese meir om dei einskilde bygga i miljø- og ombrukskartleggingane: