Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Friplass i kulturskolen

Aukra kulturskole innfører friplassar frå 1. januar 2023 for familiar med lågare inntekter.

Korleis kan du søke om friplass?

Du kan søke om friplass samtidig som du søkjer om elevplass i kulturskolen. Det gjer du i same søknadsskjema. Dersom du allereie har ein plass i kulturskolen, kan du ta kontakt med kulturskolen slik: 

Søknad om elevplass ved Aukra kulturskole

Kven kan søke om friplass?

Dei som fell under følgjande inntektsgrensene per år per familie kan søke om friplass: 

Friplass
1 vaksen  2 vaksne 
1 barn: 277 500 kroner             1 barn: 435 000 kroner 
2 barn: 370 000 kroner 2 barn: 522 000 kroner
3 barn: 462 500 kroner 3 barn: 695 000 kroner
4 barn: 555 000 kroner 4 barn: 700 000 kroner

Dokumentasjon på inntekt.

Når du søkjer om friplass, må du sende inn dokumentasjon på inntekt (skatteoppgjer for førre inntektsår). Dokumentasjonen må ettersendast per post til Aukra kommune, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra. Ikkje send skatteoppgjeret via e-post. 

Må du søke om friplass kvart år?

Du må søke om friplass kvart år.

Kva skjer om den økonomiske situasjonen endrar seg?

Du er pliktig å informere kulturskolen om den økonomiske situasjonen endrar seg. 

Har du spørsmål om friplass?

Ta kontakt med kulturskolen slik: