Kokevarsel frå Aukra kommune

Grunna mogleg påvist intestinale enterokokker på eit av våre målepunkt vel vi å vere føre var og sende ut kokevarsel.

Oppdatering 14. august kl. 10.15

  • Kokevarselet gjeld for heile kommunen
  • Kokevarselet gjeld minst ut dagen
  • Kommunen sender ut ny SMS, når situasjonen endrar seg

Opprinneleg melding

Inntil vidare ber vi alle om å koke vatnet for å sikre at det er helsemessig trygt. Alt vatn som skal bli brukt som næringsmiddel skal bli kokt. Vatnet bør fosskoke minst eit minutt for å sikre at alle bakteriar er borte.

Saka vert oppdatert.