Eigenberedskapsveka 2026

I veke 44 markerer vi den årlege Eigenberedskapsveka. Temaet i år er «Informasjon i kriser», og kommunen vil dele relevant informasjon og råd i sosiale medium gjennom heile veka.

Dersom mobilnett og internett ikkje fungerer - informasjon i kriser

I ei krise treng vi informasjon om kva som skjer, og kva vi bør gjere. Søk informasjon frå dei eigne kanalane til styresmaktene og frå redaktørstyrte nyheitsmedium.

Beredskapskanal og naudvarsel

  • NRK P1 er beredskapskanalen som skal sikre informasjon til publikum, også når andre nyheitsmedium og offentlege nettstader ikkje er tilgjengelege.
  • Ver kjeldekritisk
  • Ved ein alvorleg situasjon med akutt fare for liv og helse, kan styresmaktene sende nødvarsel til mobiltelefonar.

Kvifor førebu seg?

Nesten alt vi gjer i kvardagen, er avhengig av mobilnett og internett. Vi ringjer, sender meldingar, betaler og får informasjon frå kommunen og styresmaktene. Desse tenestene kan heilt eller delvis slutte å verke. Det kan skje på grunn av straumbrot, teknisk svikt, cyberangrep eller naturhendingar.

  • Straumbrot, ekstremvêr og tekniske feil kan ramme mobilnett og internett.
  • Det kan bli vanskeleg å få informasjon og kontakte andre.
  • Nokre tenester kan verke sjølv om andre er ute av drift.
Eigenberedskap og sabotasje - Klikk for stort bilete DSB

Kva kan du gjere?

Sju råd for kva du kan gjere viss mobilnett og internett ikkje furgerer. 

Finn ut korleis kommunen informerer

Ver ein beredskapsven

  • Finn ut kven du kan hjelpe og kven du kan få hjelp av
  • Snakk om kva utstyr de kan dele
  • Avtal ein møtestad dersom de ikkje får kontakt

Skaff ein DAB-radio

  • Ha tilgang til ein DAB-radio som går på batteri, solceller eller sveiv
  • NRK P1 er beredskapskanalen
  • Dei fleste bilar har DAB-radio

Vurder abonnement med ulike mobilnett

  • Sjekk kva mobilnett abonnementet ditt bruker
  • Ha nokon i omgangskrinsen med eit anna mobilnett
  • Skriv viktige telefonnummer på papir

 

Dekorativt - Klikk for stort bilete

Finn ut korleis du kan kommunisere over Wifi

Dersom mobilnettet er nede, men internett er oppe, kan du framleis kommunisere over eit trådlaust nettverk.

  • Sjekk og aktiver wifi-samtale
  • Avtal kva appar de kan bruke
  • Test at løysningane fungerer

Lad opp batteribank og utstyr

  • Ha ein oppladd batteribank tilgjengeleg
  • Lad mobil og anna utstyr ved fare for bortfall
  • Mobilen kan vere nyttig sjølv utan dekning

Sjekk om kommunen har forsterka mobilnett

  • Mange kommunar har basestasjonar med reservestraum i opptil tre døgn
  • Viss du mistar dekninga heime, kan det være mogleg å få kontakt der. Dra berre dit dersom det er trygt

Kva kan du gjere no?

Du kan starte med nokre enkle førebuingar:

  • Undersøk korleis kommunen informerer når mobilnett og internett ikkje fungerer. Sørg for at du har tilgang til ein DAB-radio som verkar utan straum frå stikkontakten.
  • Snakk med ein beredskapsvenn om korleis de kan hjelpe kvarandre, og avtal kvar de møtest viss de ikkje får kontakt.
  • Lad batteribanken, skriv ned viktige telefonnummer og prøv alternative måtar å kommunisere på.
  • Du treng ikkje gjere alt på éin gong. Litt førebudd er betre enn uførebudd, og fleire av førebuingane kan du gjere saman med andre.