Informasjonspunkt for publikum og andre ved kriserNår straum, internett eller mobilnett ikkje fungerer, kan det vere vanskeleg å få tilgang til viktig informasjon. Ved større hendingar kan kommunen derfor opprette informasjonspunkt der innbyggjarane og andre kan få oppdatert informasjon og nødvendig rettleiing.Dersom mobil- og internettforbindinga fell bort, slik at du ikkje får kontakt med naudetatane, er det viktig å vite at det finst faste oppmøtestader der du kan få hjelp, informasjon og kontakt med hjelpeapparatet.Kommunehuset er hovudoppmøtestaden i Aukra kommune ved kriser.Informasjonspunkta skal vere ein stad der du kan få påliteleg informasjon direkte frå kommunen dersom dei vanlege kommunikasjonskanalane er utilgjengelege.God eigenberedskap handlar òg om å ha ein plan for korleis du skaffar deg informasjon i ei krise. Det kan vere like viktig som å ha mat, vatn og andre nødvendige forsyningar.Informasjonspunkt Aukra kommune har to faste oppmøtestader som du kan få informasjon eller hjelp dersom alle kommunikasjonsmidlar fell bort. Gossen Kommunehuset, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra Aukra kommune JulsundetJulsundet fleirbrukshus i foajeen, Skolebakken 7, 6409 Molde Brunes foto På informasjonspunkta får innbyggarane møte representantar frå kommunen for å få informasjon og hjelp, og bistand med praktiske utfordringar som kan oppstå som følgje av krisa. DSB Publisert 27.07.2026 10:52 Sist endra 12.11.2026 07:58