Aukra kommune er med i nettverksarbeidet "Barn og unges helseteneste"

Aukra kommune er med i nettverksarbeidet "Barn og unges helseteneste"

Nettvarbeidet skal sikre samanhengande helsetenester mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta for barn og unge med psykiske utfordringar. 

Om nettverksarbeidet

Aukra kommune deltek i eit nettverksarbeid rundt barn og unge sine psykiske helsetenester i Møre og Romsdal. Våre to representantar er psykiatrisk sjukepleiar Marit Thorsen og helsesjukepleiar Heidi Magerøy Hoksnes.

Målsettinga med satstinga er å sikre samanhengande helsetenester mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta for barn og unge med psykiske utfordringar. Dette for å sikre at det blir ytt rett hjelp tidlegast mogleg av rett instans. 

Det vert ei implementering av sju samhandlingsforløp for dei mest vanlege  psykiske helseplagene. Forløpa vil fungere som eit kart over tenestene og gje oversikt over dei ulike tenestene si rolle og ansvarsområde. 

Dei 7 områda er:

  • Angstplager
  • Autismespekterforstyrring
  • Bekymring for born 0 – 3 år
  • Vanskar med merksemd og uro
  • Spisevanskar og spiseforstyrringar
  • Depresjonsplager og triste kjensler
  • Vald, overgrep og omsorgssvikt

Vil du vite meir?

Du kan lese meir om nettverksarbeidet på Helse Møre og Romsdal og Helse Fonna sine sider.

Gå til Helse Møre og Romsdal

Gå til Helse Fonna