Kom og høyr eit spanande foredrag med Sarah Haensel som fortel om korleis du kan ta små steg mot sjølvforsyning!
Foredraget handlar om korleis ein gjennom enkle grep og erfaringar kan ta små steg mot eit meir sjølvforsynt, berekraftig og bevisst kvardagsliv. Det er viktig å ta vare på kunnskapen om kvar maten vår kjem i frå, og korleis vi sjølve kan bidra til å dyrke, produsere og ta vare på ressursane rundt oss.
Sarah driv eit småbruk i Julsundet med høner, sau, kyr, kjøkkenhage, frukthage og drivhus. Interessa for dyrking og sjølvberging starta med eit savn etter mat med meir smak og kvalitet. Dette har utvikla seg til ein livstil med ønske om å produsere meir av maten sjølv, på ein enkel og berekraftig måte.
Sarah er oppteken av å formidle at sjølvforsyning ikkje treng å vere komplisert eller omfattande, og at alle kan komme i gang med små grep, uansett kor dei bur!
Foredraget er gratis.