Omtale
Vi ønskjer deg velkommen til Aukradagen, som er eit trivselsarrangement der innbyggjarar, besøkande, utstillarar og deltakarar samlast i sentrum.
Dagen startar som alltid med gratis frukost med innslag av lokalmat frå Aukra. Vi gler oss til gode samtalar og hyggelege møter mellom folk i alle aldrar. På utescena vert det eit variert og underhaldande program gjennom dagen. I tillegg kan du besøke den populære marknadsplassen, der bedrifter, lag, organisasjonar og privatpersonar stiller ut, sel mat eller ulike produkt, og slår av ein prat med publikum. Her finn du fargeglade boder, spennande aktivitetar, god mat og ein herleg miks av kreativitet og lokalt engasjement.
Tema 2026: Humor over Aukra
Kvart år har Aukradagen eit tema som sett tonen for dagen. I år inviterer vi alle – både publikum, utstillarar og deltakarar – til å vere med og skape ein humoristisk, tullete og fole artig dag! Pynt standen din og deg sjølv, overdriv gjerne litt, finn på noko tull – bruk humoren og fantasien! Det blir òg kåring av Årets mest humoristiske stand og Årets Aukraværing .
Vi sjåast på Aukradagen!
Påmelding
Meld deg på Aukradagen innan 31. mai 2026