Har du kreft eller har hatt kreft? Då kan dette tilbodet vere noko for deg.
Om tilbodet
- Onsdagar kl. 10-11
- Treningssalen på Aukra omsorgssenter
Kvar onsdag våren 2026 køyrer vi ei felles treningsøkt i treningssalen på Aukra omsorgssenter. Treninga viser vi på storskjerm via Pusterommet - Aktiv mot kreft. Etter treninga er det mogleg å vere i lag fram til kl. 12. Då kan vi kjøpe oss lunsj eller drikke ein kopp kaffi saman. Vi nyttar eige rom til stunda mellom kl. 11-12. Oppstartsdato er 18. februar.
Dette er eit lågterskel-tilbod og treninga passar dei fleste. Ta med ei treningsmatte om du har. Treninga og kaffien er gratis.
Påmelding
Tenkjer du at dette kan vere noko for deg? Ta kontakt med kreftkoordinator Inger Kristine Kjellnes eller fysioterapeut Therese Stokke Viken om du har spørsmål eller har lyst å komme.
Kontakt Inger Kristine Kjellnes
Kontakt Therese Stokke Viken