Strukturar i landskap – med både alvor, mystikk og humor
I juni kan du møte verka til den svensk-norske bildekunstnaren og grafikaren, Martin Due, i Liljå.
Arbeida hans tek ofte utgangspunkt i strukturar i landskapet og geologiske fenomen, både frå Noreg og andre land. Han kombinerer undring, historie og menneska si rolle i naturen i eit uttrykk prega av både alvor, mystikk og humor. Martin Due si primære uttrykksform er dyptrykk – med teknikkar som etsning, koldnål og kobbarstikk. Gjennom sitt virke søker han å portrettere landskapet sin karakter, finne teikn, og la det bli utgangspunkt for leik og forteljing i eit bilde.
Martin Due har vakse opp i ein kunstnarfamilie i Uppsala og er tredjegenerasjon bildekunstnar. Han har motteke fleire stipend, vore aktiv som utsmykkingskonsulent og delteke i internasjonale kunstnaropphald.
Martin Due har hovudfag i grafikk frå Kunsthøgskolen i Oslo, med professor Morten Krohg som rettleiar. Sidan 1991 har han vore medlem av Norske Grafikere og Norske Billedkunstnere, og seinare også Billedkunstnerne i Møre og Romsdal. Han har hatt rundt 20 separatutstillingar og delteke i over 40 kollektivutstillingar i Noreg, Europa, USA, Taiwan og Kina.
Velkommen til utstillingsopning på Aukradagen - laurdag 14. juni kl. 12.00
Utstillinga er open i perioda 14. – 28. juni i biblioteket si opningstid.