UNGDOMSFISKE 2024 - ønskjer tilbod på leige av fartøy og skipper

Aukra kommune ønskjer tilbod på leie av båt med skipper/rettleiar for gjennomføring av Ungdomsfiske 2024. Ungdomsfiske legg til rette for at ungdommar mellom 15 og 25 år kan søkje sommarjobb, og få prøvd seg som fiskar. 

Kommunen vil leiga inn fartøy og skipper/mannskap, som rettleier og fungerer som mentor for ei gruppe ungdommar. Ungdommane vil ha eigen kvote, og ordninga er regulert av eiga forskrift. Det er ikkje høve til å driva ordinært fiske medan ungdommane er om bord. Ungdommane vil få tryggingsopplæring, informasjon og opplæring om råstoff og kvalitet, og innsyn i fleire andre område som gjeld verdikjeda til fiskerinæringa. 

Når skjer fisket?

  • Fisket skal gå føre seg i løpet av sommarferien til skulen, mellom 22. juni og 19. august.
  • Det skal fiskast i minst 5 dagar i veka, med fleksibilitet for dårleg vêr.
  • Fartøyet må anten vera registrert i Fiskeridirektoratets merkeregister, Småbåtregisteret hos Redningsselskapet eller Skipsregisteret. Skipper/mentor skal ha nødvendige sertifikat og erfaring frå fiskeri.
  • Det skal helst kunna fiskast med to ulike reiskapar, men det er ikkje eit krav.
  • Det skal kompenserast for landligge på grunn av teknisk feil.
  • Båt og utstyr skal vere i forskriftsmessig stand.
  • Det kan krevjast politiattest for skipper/rettleiar.

Tilbodet skal inkludere følgjande:

  • Pris for leie av båt med skipper/rettleier, inkludert utstyr og reiskap. 
  • Utgifter for drivstoff
  • Talet på ungdommar det er plass til om gongen.
  • Kva veker fartøy og skipper har høve til å delta. 
  • Opplysningar om fartøyet og type fiske som kan utførast.
  • Opplysningar om skipper/rettleier (CV).
  • Planlegging, førebuingar og organisering av sjølve fisket og opplæring om bord.

Innsending av tilbod

Skriftleg tilbod kan sendast innan 10.april 2024 til Aukra kommune, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra eller til post@aukra.kommune.no

Tilboda blir vurderte ut frå pris, båt, kapasitet, reiskap og skipper/rettleiars erfaring. Det kan komma endringar i føresetnadene når forskrifta om ungdoms rett til å delta i Ungdomsfiske 2024 blir klar.

Aukra kommune held på retten til å forkasta alle tilbod, og dessutan å avlysa konkurransen, dersom det ligg føre sakleg grunn. Gjennomføring av tiltaket føreset at kommunen får tilskot som omsøkt hos Nærings- og fiskeridepartementet.

Kommunen vil lyse ut sommarjobb for ungdom som fiskar når nødvendig informasjon er på plass, følg med på nettsidene til kommunen og sosiale medium. 

For meir informasjon 

Kontakt prosjektleiing i Nordmøre Fiskebåt: