Innføring av tilbod om gratis kikhoste-vaksine til gravide

Frå mai 2024 får alle gravide tilbod om gratis kikhostevaksine i svangerskapsveke 24, som ein del av barnevaksinasjonsprogrammet. Vaksinen vernar barnet mot kikhoste frå fødsel og fram til barnet får første vaksinedose i 3-månaders alder.

Kvifor bør gravide ta kikhostevaksine?

  • Kikhoste er ein luftvegsinfeksjon som kan gjere små barn alvorleg sjuke. Sjukdomen er farlegast for uvaksinerte barn under 1 år. 
  • Vaksinasjon i svangerskapet vernar barnet ditt mot kikhoste frå fødsel og fram til barnet får første vaksinedose ved 3-månaders alder.
  • Kikhostevaksinen blir tilboden gravide i store delar av verda, og gjev spedbarn godt vern mot kikhoste.

Korleis kan eg ta vaksine i Aukra?

I Aukra er det både legekontoret og helsestasjon som tilbyr vaksinen. Du bestiller time, der du ønskjer å ta vaksinen.

Bestill time på helsestasjonen

Bestill time på legekontoret

Korleis verkar vaksinen?

  • Gravide som tek vaksine, lagar vernande antistoff.  Antistoffa blir overførte vidare til barnet i magen.
  • For at barnet skal få vern, må du få vaksine medan du er gravid – uansett når du fekk førre vaksine mot kikhoste.

Under og etter vaksinasjon

  • Vaksinen blir tilrådd ved svangerskapskontrollen i veke 24.
  • Vaksinen blir gjeven med eitt sprøytestikk i overarmen. 
  • Det er vanleg å få litt vondt på stikkstaden, og det kan òg bli litt raudt og hovent. Enkelte får feber, vondt i musklane og 
    kjenner seg litt sjuke eller utmatta. Dette går vanlegvis over av seg sjølv i løpet av nokre få dagar. 
  • Det er ikkje vist at barn får biverknader når mor blir vaksinert mot kikhoste i svangerskapet. 
  • Kontakt helsepersonell dersom du har spørsmål eller er bekymra for plager/sjukdom etter vaksinasjon.