Aukra kommune treng fleire meddommarar, skjønnsmedlemmar og jordksiftemeddommarar

Aukra kommune skal velje meddommarar og skjønnsmedlemmar for perioden 2025-2028. Fleire har meldt seg, men vi treng framleis nokre til.

Vi treng personar til følgjande verv:

  • Tre menn til lagmanns- eller tingretten
  • To kvinner og to menn til jordskiftemeddommarutvalet
  • Ein mann som vil vere skjønnsmedlem

Kva er ein meddommar?

Meddommarar er - saman med juridiske fagdommarar - med på å ta avgjerder i rettsaker. Dette er ei viktig samfunnsoppgåve der akkurat du kan få moglegheita til å gi domstolen ei demokratisk forankring. Det er eit vanleg rettsprinsipp at ein skal dømmast av sine likemenn. Derfor har meddommarane ei viktig rolle i rettssystemet.

Det er nokre få krav som du må oppfylle for å kunne vere meddommar eller skjønnsmedlem. Nokre yrkesgrupper kan ikkje vere meddommar/skjønnsmedlem. Nokre straffereaksjonar fører også til at du ikkje kan vere meddommar/skjønnsmedlem.

Les meir om vervet og kven som kan ta på seg vervet i vår tidlegare sak om meddommarar/skjønnsmedlemmar.

Du kan melde di interesse ved å fylle ut vårt interesseskjema.

Interesseskjema for meddommar/skjønnsmedlem