37 år - frå visjon til realitet?

Nasjonal transportplan vart lagt fram i dag, 22. mars og i den samanheng fekk Aukra kommune besøk av leiar av transport- og kommunikasjonskomiteen Sigbjørn Gjelsvik. 

I møte med næringslivsaktørar i Molde, Aukra og Misund samt kommunepolitikarar/kommuneleiing innleia leiar Sigbjørn Gjelsvik (Sp) i Stortingets transport- og kommunikasjonskomité at Møreaksen skal byggast. Mange vart nok likevel skuffa då det ikkje i innstillinga til nasjonal transportplan er lagt inn midlar til Møreaksen eller tidspunkt for oppstart. Regjeringa legg i NTP  opp til at Statens vegvesen skal utgreie vidare om E39 Møreaksen frå Molde til Ålesund kan realiserast gjennom delprosjekt, og då slik at  E39 Molde-Julbøen, og ev hengebrua mellom Otrøya og Julsundet vert realisert først.

 Desse deltok

  • Sigbjørn Gjelsvik, leiar av Transport- og kommunikasjonskomiteen
  • Geir Inge Lien, Stortingsrepresentant og medlem av transport- og kommunikasjonskomiteen
  • Ordførar i Aukra Helge Kjøll
  • Varaordførar Torill Nerbøvik
  • Kommunedirektør i Aukra Gerd Marit Langøy
  • Kjerringsundet v/styreleiar Per Arne Rindarøy 
  • Møreaksen v/styreleiar Odd Helge Gangstad og styremedlem Katrine Rindarøy
  • Representantar frå administrasjonen i Aukra kommune
  • Aukra Næringsforum v/Arnt Sommerlund og styremedlemmar frå næringsfori umet
  • Representantar frå næringslivet i Midsund
  • Molde Næringsforum v/leiar Britt Flo og styreleiar Kolbjørn Heggdal
  • Vikenco v/Lina Jenset Skrede
  • Nyhamna v/Kitty Eide (Shell)

 

Møte om NTP - Klikk for stort bilete

 

Møte om NTP - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

NTP - Klikk for stort bilete