Kontroll av sals- og skjenkestadarAnsvarleg sal og skjenking er bevillingshavar sitt ansvar. Kommunen tek lovbestemte kontrollar på alle sals- og skjenkestadar. Kvar stad skal få minst ein kontroll kvart år. Sals- og skjenkekontrollar Dette ser kontrollørane etter: Sal eller skjenking av alkohol til mindreårige Sal eller skjenking av alkohol til personar som er tydeleg berusa Sal eller skjenking av alkohol utover fastsatt sals- eller skjenketid Omsetning eller bruk av narkotika på skjenkestaden Diskriminering av gjestar Uforsvarleg drift Internkontroll Hindring av skjenkekontroll Brot på forbodet mot alkoholreklame Alkohol som vert teken med ut av skjenkeområdet Medbragt alkohol som vert konsumert inne på skjenkeområdet Kontrollørar oppdagar muleg brot på regelverket Dersom kontrollørane oppdagar muleg brot på regelverket, fortel dei kort om sine observasjonar til den ansvarlege på staden. Etterpå får bevillingshavar eit brev med resultatet av kontrollen og kontrollrapporten. Bevillingshavar får anledning til å kommentere rapporten før kommunen avgjer, om forholdet utgjer eit brot på regelverket eller ikkje. Dersom kommunen konkluderer med brot på alkohollovgivinga, er vi forplikta til å tildele prikkar. Får du tildelt tolv eller meir prikkar i løpet av to år, vil kommunen inndra bevillinga for ein periode. Her kan du sjå kor mange prikkar som vert tildelt ved forskjellige typar brot. Sist endra 11.07.2023 09.30