Sal av tobakksvarer

Sal av tobakksvarer

Det fins ein del reglar og krav til dei som skal selje tobakksvarer og tobakkssurrogat.

Registrering i Tobakkssalgsregisteret

Skal du selje tobakksvarer og tobakkssurrogat, må du registrere deg i Tobakkssalgsregisteret seinast 14 dagar før salet startar. Registrering i Tobakkssalgsregisteret er kostnadsfritt.

Ved endringar i drifta, for eksempel overdraging, død eller konkurs, må du endre opplysningane i registeret innan 30 dagar.

Gå til Tobakkssalgsregisteret

Tilsyn med stadar som sel tobakk

Kommunen skal føre tilsyn med salsstadar. Tilsynet skal særleg omfatte aldersreglar, forbod mot tobakkreklame og salsstaden sin internkontroll. Det kan føregå opent eller anonymt, men kontrollørane skal alltid presentere seg etter gjennomført tilsyn. Du kan lese meir om tilsyn på Helsedirektoratet sine heimesider.

Tilsynet i Aukra kommune er for tida gratis.

Forbod mot tobakkreklame

All slags reklame for tobakksvarer og e-sigarettar er forbydd. Det er også forbydd med synleg oppstilling av tobakksvarer og e-sigarettar på utsalsstadar.

Du kan lese meir om forbodet mot tobakksreklame på Helsedirektoratet sine heimsider.

Kontaktinformasjon

Martina Susanne Böttcher
Konsulent
E-post
Mobil 948 26 442
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset
Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30