Årets Aukraværing 2025 - Tor Arne Aasen

Årets Aukraværing 2025 er Tor Arne Aasen.

Om Årets Aukraværing

Juryen var samstemte om at vinnaren i aller høgaste grad fyller vilkåra som ligg til grunn for å få utmerkinga Årets Aukraværing. Prisen kan gå til personar, bedrifter eller organisasjonar som på ein eller annan måte har utmerka seg i det siste året. Juryen verdsett stor interesse og engasjement, pågangsmot, formidlingsevne, og eit spesielt positivt fokus som blir delt med veldig mange. Dette er også skildrande ord om vinnaren.

I nominasjonen vert det sagt om vinnaren:

  • Med eit ope blikk, ekte nysgjerrigheit og eit smittande engasjement har vinnaren vist kor viktig det er å løfte fram både dei små og dei store augeblikka i eit lokalsamfunn.
  • Engasjementet viser at det er mogleg å gjere ein stor forskjell på kort tid og juryen er overtydd om at arbeidet betyr meir enn berre at det er informasjon som blir delt – Det betyr anerkjenning, fellesskap, identitet og stoltheit over å høyre til.
  • Gjennom sitt arbeid har vinnaren bidratt til å synleggjere menneskje, aktivitetar og hendingar slik at alle kan få ta del i det som skjer.
  • Han viser korleis lokaljournalistikk kan bygge tilhøyre, spreie stoltheit og ikkje minst gi rom for alle – anten gjennom eit intervju med 100-åringen, reportasjar frå barneidretten, det viktige frivillige arbeidet, alt som skjer innafor kulturlivet, politiske ytringar og kommunestyrevedtak, eller viktige hendingar i ei av kommunen sine mange bedrifter.
  • Juryen hedrar i dag ein journalist som ikkje berre dekker det som skjer i lokalsamfunnet – men som også har blitt ein del av Aukrasamfunnet.
  • Vinnaren minner oss på kor verdifullt det er å dokumentere, formidle og løfte fram det som skjer i lokalsamfunnet. Det er så viktig å både bli sett og høyrt.

Juryen er ikkje i tvil om at vinnaren bidreg nettopp til det som står i statuttane: Å gjere Aukra til ein «fole bra» kommune å bu i. Utmerkinga Årets Aukraværing 2025 blir gitt til Tor Arne Aasen, for sitt arbeid i Aukranytt.