Årets Aukraværing 2024 - Terese Solheim og Kristin Ulven

Årets Aukraværingar 2024 er Terese Solheim og Kristin Ulven

Grunngjeving

Vinnaren oppfyller i aller høgaste grad vilkåra som ligg til grunn for å få utmerkinga Årets Aukraværing. Prisen kan gå til personar, bedrifter eller organisasjonar som på ein eller annan måte har utmerka seg i det føregåande året. Juryen verdsett stort engasjement, pågangsmot, innsats, men ikkje minst omsorg og hjartevarme for dei du møter. Dette er også skildrande ord om vinnaren.

I nominasjonen vert det sagt om vinnaren:

  • Med stort engasjement er dei opptatt av aktivitet for alle i lokalmiljøet. Gjennom idretten har dei spesielt utmerka seg, men bidreg både til å oppretthalde og utvikle aktiviteten som skjer i bygda.
  • “Makan til damer skal du leite lenge etter! Sjølv om programmet er fullt så rekk dei det meste, samtidig som det blir gjort på ein omsorgsfull måte slik at alle rundt dei har det bra og verden kjennast litt betre. Dei skaper glede og engasjement rundt seg, og trua på at alt går an smittar over på dei som er rundt.”
  • Dette er eldsjeler av det sjeldne, som brenn for at barn og unge skal ha det best mogleg, med aktivitetar dei trivast med. Sjølv når eigne barn ikkje lenger er aktive, held dei fram som trenarar. Dei har alltid tid om nokon treng det.

Vinnarane sjølv seier: “Vi må opne husa våre for alle sine barn, heilt frå dei er små. Berre på den måten veit dei at dei kan komme heim til oss når dei bli ungdommar og noko er vanskeleg.” Derfor er det alltid middag til ein til i deira heim.

Å bry seg er heilt naturleg når nokon har gløymd matpakka, eller ikkje blir henta. Då blir matpakka delt og barna blir trygt køyrd heim.

Dei er fotballmammaer, hestemammaer, hundemammaer og skolehjelparar, trenar for leiar for fotballag, trenar og leiar i turn og aktiv i Julsundmarkas Venner. Alle i bygda kjenner dei og har ein relasjon til desse to damene.

Og sist, men ikkje minst, vinnaren har for ikkje lenge sidan også satt bygda og heile Aukra kommune på kartet, når 450 gymnastar frå heile fylket deltok på eit storstilt kretsstemne i turn.

Juryen er ikkje i tvil om at vinnaren bidreg nettopp til det som står i statuttane: Å gjere Aukra til ein «fole bra» kommune å bu i.

Utmerkinga Årets Aukraværing 2024 blir gitt til: Terese Solheim og Kristin Ulven.