Årets Aukraværing 2019 - Kjell Stian Brunes

Årets Aukraværing 2019 er Kjell Stian Brunes.

Om årets Aukraværing

Vinnaren oppfyller i aller høgaste grad vilkåra som ligg til grunn for å få utmerkinga Årets Aukraværing.

Juryen verdsett den ekstraordinære innsatsen som er lagt ned i det siste året innanfor eit særs viktig område i kommunen vår. Aukra kommune har ei målsetting om å vere ein attraktiv kommune, både å bu i, arbeide i og besøke. Årets Aukraværing har i aller høgaste grad medverka til å sette Aukra på kartet, både lokalt, men også nasjonalt og internasjonalt.

Med si glødande interesse for visuell formidling har vedkommande formidla eit positivt og ærleg inntrykk av kommunen. Med eit stort engasjement og sin skapartrong deler han sine blikkfang med alle. I all slags vêr og til alle årstider er han på farten, finn motiv frå både kjente og mindre kjente stadar i kommunen vår.

Denne personen er ein ekte heimstadpatriot som har gjort hobbyen sin til næring, og stadig oftare ser vi dei kjente motiva andre stader vi kjem.

Gjennom bilde og film er årets vinnar med på å skape ein felles identitet. Vi kan trygt seie at han bygger opp under kjensla av stoltheit for heimplassen og “Vi-følelsen”, der både vi som bur i kommunen og dei som er innflyttarar føler seg inkludert. Også dei som har flytta ut av kommunen får ei påminning om kvar dei kjem i frå. Ein av nominasjonane beskriv det slik; “Eg blir minna om kor fint og rått det er langs kysten. Han gir meg meir lyst til å flytte heimover, enkelt og greitt.”

Årets Aukraværing marknadsfører kommunen vår på ein framifrå måte og er ein flott ambassadør for Aukra kommune.

Juryen er ikkje i tvil om at vinnaren bidreg nettopp til det som står i statuttane; Å gjere Aukra til ein «fole bra» kommune å bu i.

Utmerking Årets Aukraværing 2019 vert gitt til: Kjell Stian Brunes