Om Årets Aukraværing
Vinnaren oppfyller i aller høgaste grad vilkåra som ligg til grunn for å få utmerkinga Årets Aukraværing.
Juryen verdsett den ekstraordinære innsatsen som er lagt ned det siste året innanfor eit viktig område i kommunen vår.
Aukra kommune har ei bevisst satsing på barn og unge, og det førebyggande arbeidet har høg prioritet. Utmerkinga årets Aukraværing vert gitt til ein person som viser stort engasjement overfor nettopp denne viktige gruppa av innbyggarane våre. Ho er opptatt av at barn og unge skal ha det godt både med seg sjølv og i møte med andre, både i skule og fritid.
Med sitt engasjement har vedkommande stått på for å oppretthalde eit viktig tilbod – Ungdommens Fritidsordning (UFO). Det er ikkje få kveldar ho har stilt opp for at ungdommen skal ha sin møtestad, ein plass der alle skal kjenne at dei høyrer til. Utan denne innsatsen ville tilbodet neppe eksistert i dag.
Årets vinnar er eit medmenneske som bryr seg om andre. Når nokon treng hjelp og har det vanskeleg, så stiller ho opp. Ikkje berre for ungdommen, men også for foreldre når dei treng nokon å snakke med.
Ho har også det siste året gjort dette til jobben sin, der ho held kurs med fokus på å styrke barna frå dei er små med enkle verktøy, slik at dei kan utvikle ei god og trygg indre plattform.
Elles kan nemnast at vedkommande inviterte alle barna i nabolaget heim til seg på Haloweenfeiring. Hun står også i bresjen for organisering av både St.hansfeiring og plenklipping av leikeplass i byggefeltet. I tillegg er ho aktiv foreldrekontakt på skolen.
At ho også medverkar til å halde barnetalet i kommunen oppe er også aleine verdt ein pris.
Juryen er ikkje i tvil om at vinnaren bidreg nettopp til det som står i statuttane: Å gjere Aukra til ein “fole bra” kommune å bu i.
Utmerkinga Årets Aukraværing 2018 vert gitt til: Renate Eilertsen Løvik