Varsling om forureining og forsøpling

Varsling om forureining og forsøpling

I følgje forureiningslova er det ei generell plikt til å unngå forureining, og det er forbod mot forsøpling.

Kva er forureining?

  • Tilførsel av fast stoff, væske eller gass til luft, vatn eller i grunnen
  • Støy og ristingar
  • Lys og bestemte typar stråling
  • Påverknad av temperaturen

Kva er forsøpling?

Avfall/forsøpling betyr lausøyregjenstandar eller stoff som nokon har kassert, har til hensikt å kassere eller er forplikta til å kassere.

Kvifor må vi verne miljøet?

Formålet er å verne det ytre miljø mot forureining, redusere eksisterande forureining og avfall, og å fremme god avfallshandtering. Lova skal sikre ein forsvarleg miljøkvalitet, slik at forureining og avfall ikkje fører til helseskade, går ut over trivsel eller skadar naturen. Ingen må tømme, etterlate, oppbevare eller transportere avfall slik at det kan verke skjemmande eller vere til skade eller ulempe for miljøet.

Prinsippet i forureiningslova er at den som forureinar og forsøplar skal betale. Dette går ut på at kostnadane ved å hindre eller avgrense forureining og avfallsproblem skal dekkast av den ansvarlege for forureininga eller avfallet.

Meir informasjon

Forureiningslova på lovdata

Informasjon på Miljødirektoratet sine sider

Har du oppdaga forureining/forsøpling? - Sei i frå til Aukra kommune

Kontaktinformasjon

Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset
Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30