Våre klima- og miljømål

Klima- og miljøplanen 2030 viser ambisjonsnivået for Aukra kommune sitt klimaarbeid gjennom hovudmål som skildrar resultata vi ønsker å oppnå i samhandling med innbyggarane, samfunnet og for organisasjonen. Hovudmåla er overordna og tett knytt saman med FNs berekraftsmål, og dei nasjonale og regionale mål for klima- og miljøarbeid.

Introduksjon

Global oppvarming som følge av klimagassutslepp frå menneskelege aktivitetar er ein av dei største miljøutfordringane vi står ovanfor. Aukra kommune ønskjer å vere ein aktiv deltakar og medspelar i arbeidet om å nå Noreg sine mål i ein berekraftig klimapolitikk, og å vere ein pådrivar for at innbyggarar, næringsdrivande og andre skal gjere miljøvenlege val. Aukra kommune må ta sin del av ansvaret for å nå dei nasjonale utsleppskutta og miljømål elles, og kommunen må førebu seg på ei langsiktig omstilling til eit samfunn med låge utslepp.

Klimagassutsleppstal 2020 for Aukra

Aukra kommune sin klima- og miljøplan skal stake ut ein kurs for korleis kommunen skal kunne nærme seg dei nasjonale klima- og miljømåla og berekraftsmåla som Noreg har forplikta seg til.

Hovudmåla

Hovudmål for klima

  • Aukra kommune skal bidra til at det nasjonale målet om 55 prosent kutt av klimagassutslepp i ikkje-kvotepliktig sektor vert nådd innan 2030.
  • Aukra kommune skal gjere sitt til at det nasjonale målet om null CO2-utslepp innan 2050 vert nådd, både ved å redusere utsleppa og auke CO2-opptaka.
  • I global samanheng skal Aukra kommune fremme lågutsleppssamfunnet med å redusere forbruket og stille klimakrav til varer og tenester som kommunen kjøper.

Hovudmål for miljø

  • Naturen i Aukra kommune skal forvaltast slik at planter og dyr som finst naturleg vert sikra i levedyktige bestandar.
  • Variasjonen av naturtypar, landskap og kulturmiljø skal oppretthaldast.
  • Ein langsiktig og fornuftig bruk skal bringe naturgodane vidare til framtidige generasjonar.

Aukra kommune 2030 - våre visjonar

For å oppnå hovudmåla er det formulert seks overordna mål – visjonar - slik vil vi ha det. Desse visjonane for Aukra 2030 er knytt til satsingsområda frå samfunnsdelen: Haldningsskaping - Klimatilpassing - Energibruken i kommunale bygg - Miljøvennleg transport - Forbruk og avfall - Berekraftig naturforvalting og biologisk mangfald. Til visjonane er tilhøyrande strategiar og tiltak -  slik gjer vi det.

Handlingsdelen i klima- og miljøplanen

Klima- og miljøplanen inneheld 88 tiltak for å nå måla om reduksjon av klimafotavtrykket til Aukra kommune, og bevaring av natur- og biologisk mangfald. Tiltak og aktivitetar i denne planen skal vurderast årleg og nødvendige kostnadar innarbeidast i kommunen sitt budsjett-, handlings- og økonomiplan. 

Klima- og miljøplan 2030 for Aukra kommune