Jordmor

Jordmor

Varsel om redusert jordmortilbod: Grunna låg bemanning kan Molde kommune ikkje tilby oss jordmortenester frå 1. februar 2023 og ut 2023. Aukra kommune har vikar i ca. 20%-stilling.

Jordmora jobbar kun 20% og er ikkje tilgjengeleg på telefon alle dagar. Du må difor ta kontakt med leiande helsesøster Camilla Hjellset Orø på telefon 913 25 930 for å avtale time.

Kva kan jordmora hjelpe deg med? 

  • Jordmortenesta har som mål å ivareta det ufødte barnet, den gravide og hennes familie gjennom svangerskapet, fødselen og den første tida etterpå.
  • Svangerskapskontrollar etter anbefalt oppsett, men hyppigare ved behov.
  • Svangerskapskurs ved behov.
  • Heimebesøk etter fødsel. Heimebesøk kan også avtalast i svangerskapet ved behov.

Ønskjer du å ta med deg nokon til timane, så er du hjarteleg velkomen til det.

Timebestilling

  • Aukra kommune samarbeidar med Molde kommune om jordmortenesta og har ikkje jordmor tilstades på Gossen eller Julsundet. Alle timar vert gjennomført i Molde.
  • For timebestilling og andre førespurnadar ta kontakt på sms tlf. 477 03 550. Du kan ta kontakt med jordmor på alle kvardagar.
  • Den gravide tek sjølv kontakt med jordmor for avtale om time.

Kva kostar jordmortenesta?

Tenesta er gratis.

Kontakt

Camilla Hjellset Orø
Leiande helsesjukepleiar
E-post
Mobil 91 32 59 30

Opningstider

Besøks- og postadresse Aukra helsestasjon

Aukraringen 17

6480 Aukra

Besøksadresse avdeling Julsundet

Mevoldvegen 2 (Mevoldtunet)

6409 Molde

Adresse

Besøks- og postadresse Aukra helsestasjon

Aukraringen 17

6480 Aukra

Besøksadresse avdeling Julsundet

Mevoldvegen 2 (Mevoldtunet)

6409 Molde