Frå oktober 2026 har Aukra kommune avtale med Hustadvika kommune om jordmortenesta. Det er tilbod om svangerskapskontrollar kvar veke både på Gossen og i Julsundet.
Kva kan jordmora hjelpe deg med?
- Jordmortenesta har som mål å ivareta det ufødte barnet, den gravide og hennes familie gjennom svangerskapet, fødselen og den første tida etterpå.
- Svangerskapskontrollar etter anbefalt oppsett, men hyppigare ved behov.
- Svangerskapskurs ved behov.
- Heimebesøk etter fødsel. Heimebesøk kan også avtalast i svangerskapet ved behov.
Du kan lese meir om dei ulike konsultasjonane på nettsidene til Helsenorge.
Ønskjer du å ta med deg nokon til timane, så er du hjarteleg velkomen til det.
Timebestilling
For timebestilling og andre førespurnadar ta kontakt med leiande helsesøster Camilla Hjellset Orø på telefon 913 25 930.
Kva kostar jordmortenesta?
Tenesta er gratis.
Publisert 23.08.2018 11:56
Sist endra 01.10.2026 11:02