Betalingssatsar pleie- og omsorgstenesta Forskrift om egenandel for helse- og omsorgstjenester vert lagt til grunn ved eigabetaling i institusjon og i heimebasert omsorg. Satsane vert vedteke av kommunestyret årleg. Nedanfor følgjer oversikt over betalingssatsar for dei ulike tenestene for 2026: Dagsentertenester - eigenbetalingDagsentertenester - eigenbetaling Dagsentertenester - eigenbetalingEmneEigenbetaling per dag 2026DagsentertenesterKr 210 Aukra kommune har dagsenter tenester for heimebuande eldre 6 dagar per veke, samt to kveldar i veka.Eigenbetalinga for dagsentertenestane bidrar til å dekke utgifter til skyss, mat, aktivitetar og andre naudsynte tenester.Dagsentertenesta er eit vedtak den enkelte får innvilga etter søknad, og må betalast ved fråvær. Unntaket er akutt innlegging på sjukehus eller institusjon.Auke i eigenbetalinga for 2026 grunnast auke i kostnadar jamfør kommunal deflator 3,5% GPS: Digitalt tilsynGPS: Digitalt tilsynTenesta er gratis, men behovsprøvd. GPS er ein lokaliseringsteknologi som bidreg til å tryggje både brukar og pårørande. GPS fungerer slik at den er til ei kvar tid vil kunne syne pårørande og eventuelt tenesta, kvar ein brukar med GPS er. Lokaliseringsteknologien gir fridom og tryggleik for personar med kognitiv svikt. Dei kan tilkalle bistand der dei er - eller bli lokalisert der dei er av pårørande eller den kommunale tenesta etter avtale. Det er også toveis tale i GPS-ane. Praktisk hjelp - eigenbetalingPraktisk hjelp - eigenbetaling Praktisk bistandGebyrEiningSats 2026MerknadA. Under 2GMaks per månad250Makspris fastsatt frå StortingetB. 2-3GPris per time411 C. 2-3GMaks per månad1 003D. 3-4GPris per time411 E. 3-4GMaks per månad1 622F. 4-5GPris per time411 G. 4-5GMaks per månad2 350H. Over 5GPris per time411 I. Over 5GMaks per månad2 946 Det er høve til å søkje om heilt eller delvis fritak frå eigenbetaling dersom brukar sin økonomiske situasjon gjer det vanskeleg å betale for hjelpa som er nødvendig for å klare seg i eigen heim.Innvilga timetal heimehjelp må betalast sjølv om bebuar ikkje er til stades på avtalt tidspunkt. Akutte sjukehusinnleggingar eller tilsvarande opphald i institusjon gjev fritak.Søknaden om heilt eller delvis fritak sender du til Heimetenesta i Aukra, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra.Om brukar ikkje er heime må brukar likevel betale for vedtekne timar, unntak er akutte innleggingar på sjukehus eller opphald på institusjon. Matombringing - eigenbetalingMatombringing - eigenbetaling MatombringingGebyrEiningSats 2026A. FrukostPris per porsjon52B. LunsjPris per porsjon52C. Varm middag og dessertPris per porsjon135D. KveldsmatPris per porsjon52 Matombringing til bebuarar bli innvilga gjennom vedtak. Bebuar må difor betale for tenesta sjølv om vedkomande i enkelt tilfelle ikkje nyttar seg av vedtaket. Unntaket er ved akutt innlegging i sjukehus eller institusjon.Konsumprisindeksen for matvarer og alkoholfrie drikkevarer har i perioden september 2024 til og med september 2025, auka med 6,3%. Difor vel vi å justere prisane på matombæring som ein konsekvens av samla auke i kostnadane tilsvarande auke i konsumprisindeksen. Opphald i institusjon - eigenbetalingOpphald i institusjon - eigenbetaling Korttids- eller langtidsopphald i institusjonKorttids- eller langtidsopphald i institusjonGebyrEiningSats 2026MerknadDag- og natt-opphaldPris per døgn115Makspris for 2026 blir fastsett av StortingetKortids- eller langtidsopphald over 60 døgnMakspris per døgn4 798Makspris for 2026 blir fastsett av StortingetKortidsopphaldPris per døgn200Makspris for 2026 blir fastsett av Stortinget Eigenbetaling for langtidsopphald og korttidsopphald over 60 døgn vert berekna ut frå bebuar si inntekt i tråd med forskriftDag- eller natt-opphald og korttidsopphald inntil 60 døgn har maksimalpris som fastsett i Forskrift av Stortinget.Avlastingsopphald skal ikkje ha eigenbetaling.Eigenbetaling for opphald i institusjon er heimla i Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-2 og Forskrift om eigenandel for kommunale helse og omsorgstenester. Det kan ikkje krevjast eigenandel for korttidsopphald gitt som avlasting for å avlaste pårørande for deira omsorgsoppgåver.For korttidsopphald inntil 60 døgn har Aukra kommune eigenbetaling lik maksimalpris fastsett av Stortinget. Prisane blir justert årleg.Ved langtidsopphald og korttidsopphald over 60 døgn, blir eigenbetaling fastsett i tråd med forskrift og er regulert etter inntekt. Eigenbetalinga/døgnpris må ikkje overstige dei reelle opphaldsutgiftene. Tryggleikspakke - eigenbetalingTryggleikspakke - eigenbetaling Tryggleiksalarm (tryggleikspakke)GebyrEiningSats 2026Under 2GPris per månad207Over 2GPris per månad404InnstalleringPris per månad0,- Kva er ein tryggleikspakke?Tryggleikspakken skal medverke til å skape tryggleik for å kunne bu heime lengst mogleg. Grunnpakken består av ein tryggleiksalarm og brannalarm. Brukar ber på seg eit smykke eller armband.Det kan knytast på fleire funksjonar etter kva behov personen har. Sensorane kan til dømes registrere dører, bevegelse, temperatur og vasslekkasje. Eit døme kan vere om brukar kjem attende i senga etter å ha vore på toalettet om natta.Når du trykker på alarmknappen, vert ein alarm utløyst som går til heimesjukepleia i Aukra. Du får direkte kontakt gjennom alarmboksen. Om heimesjukepleie ikkje får kontakt med deg, vil dei kome heim til deg.Tryggleikspakke brukast i eigen heim og skal medverke til å skape tryggleik for å kunne bu heime lengst mogleg. Om du ønskjer ein alarm som du kan bruke utanfor heimen, kan ein GPS vere aktuelt for deg.Brannalarmen er knytt til Molde brann og redning.Kven kan få tilbod om tryggleikspakke?Eldre, funksjonshemma og andre som kan føle seg utrygge ved å bu aleine, kan få tildelt tryggleikspakken. Søkjar må bu i bustad med tilgang på internett/4G.Tryggleikspakke er behovsprøvd.Kva kostar tryggleikspakken?Tenesta er behovsprøvd.Det er husstanden si samla inntekt som vert lagt til grunn ved berekning av inntektForskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester (lenke til lovdata). Sist endra 15.01.2026 10.20