Vassmålar

Som hushaldsabonnent kan du velje om forbruksgebyret for vatn og avløp skal bereknas og betalas etter bustadareal, eller betalas etter målt (faktisk) forbruk. Næringseigedomar pliktar å betale etter målt forbruk.

Aukra kommune kan hjelpe dykk med vurdering av gebyralternativa. Vi kan også gje råd til din røyrleggar ved spørsmål av teknisk karakter.

Installasjon av vassmålar

Dersom du, som huseigar, ønsker å installere vassmålar, tek du kontakt med ein røyrleggar som vil hjelpe deg vidare. Huseigaren betalar for arbeidet med installasjon av vassmålaren.

Kommunen eig vassmålaren og den blir leigt ut for eit årleg beløp som går fram av gebyrregulativet. Kostnaden med installering vil variere frå hus til hus og vi tilrår at du får eit prisoverslag frå ein røyrleggar. Næringseigedomane er pålagde å ha vassmålar og kostar sjølv kjøp og installering av dette.

Ved feil på private vassmålarar, vil den bli skifta av oss.

Målaravlesing

Ved målt forbruk baserer Aukra kommune seg på kundens årlege tilbakemelding om målarstand. Vassmålarskjema sendes ut i desember med 2. januar som innleveringsfrist.

Kunden får eit avlesingskort per vassmålar. Alle som har fått kort for avlesing av vassmålarar, må skrive inn målarstanden på kortet og returnere dette til Aukra kommune.

Leige av vassmålar

Gebyrsatsar vatn og avløp

Gebyrsatsar vatn og avløp
GebyrEiningSats 2026Merknad
1000 Tilknytningsavgift vatnPris kr14 047,60Kommunal deflator 3,5% 2026
1100 Tilknytningsavgift kloakkPris kr14 047,60Kommunal deflator 3,5% 2026
300 Abonnementsgebyr vatnPris kr3 557
301 Forbruksgebyr vatnPris kr per. M311 
400 Abonnementsgebyr kloakkPris kr2 446
401 Forbruksgebyr kloakkPris kr per. M318,2 
890 Liten vassmålarLeiepris per. år kr337,2Kommunal deflator 3,5% 2026
891 Middels vassmålarLeiepris per. år kr421,2Kommunal deflator 3,5% 2026
892 Stor vassmålarLeiepris per. år kr842,5Kommunal deflator 3,5% 2026

Kontakt

Ingrid Ilestad
Saksbehandlar
E-post
Mobil 90 95 32 58
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30