Vedlikehald og reingjering av hovudvassleidningarKommunen gjennomfører regelmessig reingjering av hovudvassleidningane i Aukra. Arbeidet skjer hovudsakleg om sommaren, men kan ved behov utførast resten av året. Under spyling av vassleidningsnettet kan du oppleve redusert vasstrykk og forbigåande forringing av vasskvaliteten.Varsel om reinhaldDei som bur i dei aktuelle områda som skal reingjerast, vil som hovudregel bli varsla i forkant gjennom Aukra kommune sitt telefonvarslingssystem.Kvifor reinhald av vassleidninga?Vi reingjer hovudvassleidningsnettet for å hindre gjengroing og for å sikre god vasskvalitet. Ved reingjering blir ventilar i vasskummane opna i periodar på 30 minutt, slik at det blir spylt ut store mengder vatn på kort tid. Vatnet i vassleidninga får då stor hastigheit og tek med seg slam som er avleira på innsida av røyrveggen. Det blir spylt til vatnet er klårt.Kva gjer du under og etter reinhaldet?Mens spylinga skjer, kan vasstrykket blir dårlegare og nokon abonnentar kan bli heilt utan vatn. Vi oppmodar om å ikkje nytte vassbrukande maskiner under spyling (vaskemaskin m.m.), samt å avgrense tapping frå vassleidningsnettet til eit minimum. Dersom du brukar vatn samtidig som spylinga skjer, kan du får grumsete vatn inn i huset.Vatnet kan vere misfarga etter at arbeida er avslutta. Prøv då å tappe kaldtvatn, helst frå første tappestad etter hovudstoppekranen, og la vatnet renne inntil det blir klårt. Sist endra 13.01.2026 08.44