Drikkevatn

Aukra kommune skal sikre levering av tilstrekkelege mengde reint vatn frå kommunens vassforsyningssystem.

Drikkevatn skal vere hygienisk tryggjande, klart og utan framtreande lukt, smak eller farge. Det skal ikkje innehalde fysiske, kjemiske eller biologiske komponentar som kan medføre fare for helseskade i vanleg bruk.

Ved driftsbrot

Aukra kommune skal sikre forsyning av vatn fram til brukaren. Kommunen skal varsle brukaren om planlagde driftsavbrot og forhold som påverkar drikkevasskvaliteten, for eksempel reinsing/spyling av leidningsnettet. Sjå annonse i presse mv.

Vassmangel

Kommunen kan gje restriksjonar for bruk av vatn ved vassmangel.

Om naudsituasjonar (katastrofar mv.) gjer det naudsynt å gjere unntak frå krava til kvalitet, vil brukarar og næringsverksemder bli informerte om situasjonen og kor lenge den midlertidige/provisoriske vassforsyninga vil vare.

Vasskvalitet

I Aukra kommune er vatnet blautt og ligg på kring 1 på den tyske hardhetsskalaen. Det betyr at det er omtrent 1 milligram kalsiumoksid i 100 milliliter vatn og du treng ikkje tilsetje salt i oppvaskmaskina.

PH-verdien ute på nettet ligg på om lag 7, altså pH-nøytralt. I drikkevatnsforskrifta står det at tiltaksgrenser for pH er under 6,5 og over 9,5. Vatnet skal ikkje vere tærande.

Kontroll av drikkevatn

Aukra kommune tek vannprøver i vassverket annakvar veke samt prøve frå alle våre 13 målepunkt ute i nettet ein gong kvar månad. 

Drikkevannsforskrifta beskriv innanfor kva parametrar eit vassverk skal drifte, kva som er toleransenivå for dei ulike parametrane, om eit avvik krev tiltak og kva type tiltak det krev. Kommunen må rapportere alle avvik til Mattilsynet. Avvik som kan føre til helseproblem, krev varslingsplikt. Dette gjeld til dømes e-coli eller tarmbakteriar som intestinale enterokokkar. Ved alvorlege avvik skal kommuneoverlege delta i vurderinga av tiltak.

Mindre alvorlege avvik krev registrering og vurdering av førebyggjande tiltak. Dette gjeld blant anna kimtal og koliforme bakteriar. Her er reingjering av røyrnettet, utspyling på prøvepunkt og reingjering av høgdebasseng førebyggjande tiltak.

Kva skjer ved varslingspliktige avvik?

Ved eit varslingspliktig avvik som til dømes intestinale enterokokkar sender kommunen ut SMS via innbyggjarvarslinga og legg ut informasjon på kommunen si heimeside. Det vert sendt ut ny SMS når avvikket er lukka.

Døme: Intestinale enterokokkar

Intestinale enterokokkar utløyser kokevarsel. Det er krav om to negative prøver før kokevarselet kan opphøyre. Laboratoriet treng 48 timar for å dyrke fram ei vassprøve. Eit kokevarsel ved intestinale enterokokkar vil difor som regel vare i minst 72 timar.

Område utan kommunal vassforsyning

I område utan kommunal vassforsyning må bebuarar, næringsliv osv etablere eiga ordning for vassforsyning. Kommunen kan ikkje gje byggeløyve utan at det ligg føre tilfredsstillande vatn- og avløpsløysing.

Kontakt

Torstein Andreas Engstad
Prosjektleiar
E-post
Mobil 48 88 41 77
Vakttelefon kommunalteknisk drift
Mobil 91 51 67 40
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30