Dovettreglar

Kva gjer du med brukte våtserviettar, q-tips, bleier og matrestar? Svaret er som regel enkelt: Kast det i søpla, aldri i do.

Bæsj, tiss og dopapir er alt som skal i do

Avløpssystemet i Aukra kommune er som i dei fleste norske kommunar konstruert og dimensjonert for å ta seg av tre ting: bæsj, tiss og dopapir. Når det kjem andre ting inn i avløpssystema skaper det problem, både i leidningsnettet og på reinseanlegga.

Dette skal du ikkje kaste i do (lista er ikkje uttømmande):

  • Våtserviettar
  • Sminkefjerneserviettar
  • Bomullpads
  • Tanntråd
  • Kontaktlinser
  • Bind og tampongar
  • Kondom
  • Bleier
  • Q-tips
  • Hår og lo
  • Matrestar - heller ikkje flytande matrestar
  • Snus og sneip
  • Fett
  • Malingsvatn
  • Medisinar

Kva er skjer om du kastar andre ting i do?

Kastar du avfall i doen, kan det føre til at røyra tettar. I verste fall kan pumpene bli øydelagt og må bli reparert eller skifta ut.

Kostnadene ved å rydde opp etter problem skapt av søppel i avløpssystemet er det alle abonnentane i vår kommune som må ta. I praksis betyr det at å kaste søppel i doen bidreg til auke av kommunale gebyr.