Lage avkøyrsel

Skal du lage, endre eller auke bruken av ein avkøyrsel frå kommunal veg, må du søkje kommunen.

Bygging av avkøyrsel frå kommunal veg

  • Når du skal etablere ein avkøyrsel frå ein kommunal veg, er det viktig at løysinga ivaretek trafikktryggleiken for alle som ferdast langs vegen.
  • Alle tilpassingar til veg og fortau skal gjerast på eigen eigedom. Arbeidet må utførast slik at vegen sin tekniske standard og funksjon blir oppretthaldne.
  • Det blir stilt krav til fri sikt, svingradius og lengdeprofil ved bygging av nye avkøyrslar. I tillegg gjeld tekniske krav til sjølve avkøyrselen, samt krav om snumoglegheit på eigen grunn.
  • Sjå også rettleiaren "Krav til avkøyrsel".

Slik søker du

Vedlegg til søknaden

For at søknad om avkøyrsel frå kommunal veg skal behandlast, må den innehalde følgjande:

  • Forklaring av planlagt tiltak. 
  • Situasjonskart i målestokk 1:500.
  • Avkøyrsel blir teikna inn med breidde, frisikttrekant og svingradius. Bygg og eventuelle sikthindringar må visast på situasjonsplanen. 
  • Teikning av avkøyrselen sin lengdeprofil i målestokk 1:500/1:100.
  • Søknaden vil ikkje bli behandla før den er komplett. Treng kommunen ytterlegare opplysingar vil du få melding om dette.

Kostar det noko?

Tenesta er gratis.

Etter arbeidet er utført

 

Klage

Kontakt

Torstein Andreas Engstad
Prosjektleiar
E-post
Mobil 48 88 41 77
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30