Legitimasjon

Informasjon om veljar

Nytt av året er at du ikkje lenger vil få valkort tilsendt i posten eller digitalt. Du vil få det som blir kalla “informasjon om veljar”.  Vi kjem tilbake med meir informasjon om dette etter kvart. 

Legitimasjon

Hugs legitimasjon når du skal stemme!

Vallova krev at ein veljar som er ukjend for stemmemottakar skal legitimere seg. Dette er fordi det skal vere mogeleg å kontrollere at du er den du utgir deg for å vere. Dersom det ikkje er mogeleg å stadfeste dette, får du heller ikkje stemme. Ta derfor med legitimasjon når du skal stemme.

Gode døme på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilete, men du kan også bruke annan type legitimasjon. Kravet er at den inneheld namnet til veljaren, fødselsdato og bilete.

Legitimasjon - Klikk for stort bilete

Unntak ved institusjon

Det finst berre ein unnataksparagraf når det gjeld framvising av legitimasjon, og dette er for veljarar som oppheld seg på institusjonar som helse- og omsorgsinstitusjonar og fengsel. Her er det ikkje eit absolutt krav at veljaren må identifisere seg, fordi det kan vere tilfelle kvar veljar ikkje har legitimasjonspapir tilgjengeleg. I slike tilfelle kan ein tilsett ved institusjonen gå god for veljaren sin identitet. Det er då eit vilkår at den tilsette kan legitimere seg.

Kontakt

Aaslaug Søreide
Servicesjef
E-post
Mobil 90 08 85 78
Martina Susanne Böttcher
Konsulent
E-post
Mobil 94 82 64 42

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30

Adresse

Aukra kommunehus

Nyjordvegen 12

6480 Aukra