Kven kan stemme ved Stortingsvalet og Sametingsvalet?For å kunne stemme, må veljaren vere innført i manntalet i ein kommune på valdagen. Dette gjeld både for norske statsborgarar og utanlandske statsborgarar med stemmerett.Kven kan stemme ved valet i Noreg? For å ha stemmerett ved valet i Noreg, må desse krava vere oppfylt:du må vere norsk statsborgar,ha fylt 18 innan utgangen av valåret,ikkje ha mista stemmeretten etter Grunnloven § 53og du må vere, eller har tidlegare vore, folkeregisterført som busett i Noreg.Å stemme ved SametingsvaletAlle samar som er registrerte i valmantallet til Sametinget, har stemmerett ved sametingsvalet. Alle veljarar som er registrerte i dette manntalet, får tilsendt eit eige valkort for sametingsvalet. Hugs å ta vare på kortet og ta det med deg når du skal stemme.Dersom du ikkje har motteke valkort for sametingsvalet, bør du kontakte Sametinget i telefon 78 47 40 00. Der får du også informasjon om kva som blir kravd og korleis du går fram dersom du ønskjer å bli registrert i Sametingets valmanntal.Dersom namnet ditt ikkje står i Sametingets valmanntal, og du har søkt om innføring, eller dersom du meiner det er andre feil i listene, kan du klage. Klaga skal vere skriftleg og grunngitt. Klaga blir send Sametinget.Veljarar som har stemmerett ved både stortings- og sametingsvalet får to valkort. Sist endra 23.01.2025 09.17