Stortings- og sametingval 2025 - Frist for partia for å bestille manntalFrist for partia for å bestille eit gratis eksemplar av manntalet er satt til 1. juli 2025.Bestilling av manntaletAlle som stiller liste ved valet, har rett på eit gratis eksemplar av manntalet. Det er eit krav, at manntalet vert bestilt innan fristen som valstyret fastset. Valstyret har i sitt møte 10. mars 2025 vedtatt at denne fristen er 1. juli 2025.Partia kan også be om oppgåver over bestemte grupper veljarar, som til dømes førstegongsveljarar.Korleis bestille manntalet?Partia kan bestille manntalet ved å sende ein e-post til post@aukra.kommune.no.Bestill manntal per e-postNår er manntalet tilgjengeleg?Skjæringsdatoen for årets manntal er 30. juni 2025. Det endelege manntalet vil vere klar til utskrift frå ca. midten av juli 2025.Særutskrift frå møte i valstyretDu kan lese saksframlegg og vedtak i særutskrifta frå møtet.Særutskrift for sak PS-7/25 Publisert 02.07.2025 15.20 Sist endra 02.07.2025 15.20