FørehandsstemmeFrå 11. august til 5. september kan du førehandstemme på kommunehuset kvardagar mellom kl. 08.30 og 15.30.Kvar og når kan du stemme?I førehandsstemmeperioden kan du stemme kor du måtte ønskje i heile landet. Førehandsstemming ved StortingsvaletFørehandsstemming ved StortingsvaletStadTidspunktKl.slettKommunehusetKvardagar08.30 - 15.30Kommunehuset - langopeOnsdag 27. august08.30 - 19.00Kommunehuset - langopeOnsdag 3. september08.30 - 19.00Aukra omsorgssenterTysdag 2. september11.00 - 13.00Julsundet skole, biblioteketTysdag 2. september14.30 – 19.00 Ta med legitimasjonÅ stemme i eit anna fylkeDersom du førehandsstemmer i eit anna fylke enn heimfylket ditt, får du utdelt ein stemmesetel som er påførd dei registrerte namna til dei politiske partia, utan kandidatnamn. Du må då krysse av for eller skrive på kva parti/gruppe du vil stemme på. Du kan også skaffe stemmesetel frå ditt fylke og bruke den dersom du ønskjer å gjere endringar. Kan eg stemme fleire gonger?Det er viktig å hugse på at det ikkje er mogeleg å angre på stemmegjevinga si i Noreg. Det betyr at dersom du førehandsstemmer, så kan du ikkje stemme på nytt, heller ikkje på valdagen.Er du sjuk eller ufør?Dersom du ikkje kan komme til eit vallokale grunna dårleg helse eller av andre grunnar, kan du søkje valstyret i kommunen din om å få stemme heime eller der du held til. Då kjem det nokon frå kommunen heim til deg og tek imot førehandsstemma der.Ta kontakt med serviceavdelinga innan torsdag 4. september kl. 12.00 på følgjande telefonnummer for å avtale tid:Ring sentralbordet på 71 17 15 00 i opningstida kl. 10.00 - 14.00 eller ring Martina på mobilnummer 948 26 442Oppheld du deg i utlandet?Dersom du bur eller av andre grunnar oppheld deg i utlandet eller på Svalbard og Jan Mayen, kan du stemme på førehand på norske utanriksstasjonar eller hos særskilt oppnemnde stemmemottakarar, eller du kan brevstemme. Les meir om korleis du førehandsstemmer i utlandet på valg.no.Viktige datoar for valperioden Viktige datoar for valperiodenEmneFrå datoTil datoKlokkeslettTidlegstemme1. juli8. augustkl. 10.00 - 14.00Førehandsstemme11. august5. septemberkl. 08.30 - 15.30Førehandsstemme utanriks1. juli29. augustFørehandsstemme Jan Mayen/Svalbard1. juli29. augustStemme heime4. september (søknadsfrist)kl. 12.00Valdagen8. septemberkl. 09.00 - 20.00 Publisert 08.01.2019 11.23 Sist endra 11.08.2025 09.54