6) På kva måte samlar vi inn personopplysningane?Du sender personopplysningane direkte til oss, for eksempel via nettskjema på heimesida vår. Opplysningane som du fyller inn i skjemaet, vert sendt elektronisk til Aukra kommune. Nokre tenester du søkjer på, vert framleis sendt til oss per post. Opplysningane som du sender inn, brukar kommunen i saksbehandlinga. Aukra kommune ønskjer å gi innbyggjarane eit digitalt svar på førespurnaden/søknaden som blir sendt inn. Det krev at vi må vere sikre på at mottakar er rett person. Du blir derfor beden om å fylle inn fødselsnummer i enkelte skjema. Personopplysningane vil bli behandla fortruleg og vil berre bli brukte til saksbehandling av saka innsendinga gjeld. Fødselsnummer vil aldri visast på offentleg tilgjengeleg dokument. Vi hentar inn personopplysningane dine frå andre offentlege etatar, som for eksempel Folkeregisteret, Kontakt- og reservasjonsregisteret, Arbeids- og velferdsdirektoratet (NAV), Utlendingsdirektoratet (UDI), Brønnøysundregistrene og Statsforvaltaren. Sist endra 28.07.2023 10.20