Kvifor behandlar vi personopplysningar om deg?Aukra kommune samlar inn og behandlar personopplysningar som vi treng for å utføre dei lovpålagde oppgåvene våre og andre tenester, samt for å kunne saksbehandle førespurnader/søknader vi får frå deg. Når vi behandlar personopplysningar, betyr det for eksempel at vi samlar inn opplysningar, registrerer dei i eit fagsystem, set dei saman, lagrar dei eller utleverer dei til naudsynte partar som inngår i behandlinga. Dersom Aukra kommune ønskjer å behandle personopplysningar som ikkje er nødvendige for å utføre dei lovpålagde oppgåvene våre eller vi ikkje har anna lovleg behandlingsgrunnlag, vil du bli informert om at det er frivillig å gi frå deg opplysningane og kva som er formålet med behandlinga av personopplysningane. (f.eks. ved spørjeundersøkingar). Då skal kommunen innhente samtykke frå deg. Sist endra 28.07.2023 10.15