Elevavgift i kulturskolen

Elevavgift pr. semester
Type avgift Pris per semester
Elevavgift kr. 1318,50.-
Leige av instrument kr. 272.-
Materiellavgift kunst kr. 272.-
Elevavgift aspirant (dekkes av korpset) kr. 966.-
Fordjupningsplass kr. 2637.-

Generell informasjon om prisar

Elevavgifta fakturerast to gonger i semesteret. Skoleåret består av haust- og vårsemesteret.

Dersom elevplassen ikkje vert betalt innan tidsfristen, og det ikkje vert gjort skriftleg betalingsavtale, taper eleven kulturskoleplassen neste semester.

Frist for oppseiing av elevplass for påfølgande semester er 1. desember og 1. juni. 

Elevmoderasjon for familiar med fleire elevplassar i kulturskolen

Familiar med fleire elevplassar får 25 % rabatt frå og med 2. elevplass pr. familie og 50 % rabatt frå og med 3. elevplass pr. familie. For å oppnå rabatt må alle elevar i ein familie registrerast på same betalar i Speedadmin

 

Elevmoderasjon for elevar som går på fleire tilbod i kulturskolen

Elevar som går på fleire tilbod i kulturskolen får 25 % rabatt på 2. tilbod og 50 % rabatt på 3. tilbod.  For å oppnå rabatt må alle tilboda registrerast på same betalar i Speedadmin

 

Kontantkassa - tilskotsordning

Aukra kommune er med i ordninga "Kontantkassa", der kan ein få tilskot på ein enkel og ubyråkratisk måte. Tilskotet skal bidra til at alle barn og unge kan delta i minst ein fritidsaktivitet uavhengig av familien sin sosiale eller økonomiske situasjon. Ordninga gjeld for barn og unge i Aukra i alderen 6-18 år. 

Les meir om ordninga "Kontantkassa".

Kjøp av tenester for frivillige lag og organisasjonar

Satsar for kjøp av lærar-/dirigentteneste for frivillige lag og organisasjonar:

  • 50% av faktisk kostnad for kjøp av dirigent til barn/unge
  • 55% av faktisk kostnad for kjøp av dirigent til vaksne

Prisar sal av teneste 2023.pdf