Informasjon frå kommunen

Tilskot frå Kontantkassa

Tilskot frå Kontantkassa

Aukra kommune har no etablert ei tilskotsordning kalla “Kontantkassa”. Kulturavdelinga og eining for innvandring og integrering har gått saman om å søkje prosjektmidlar frå Møre og Romsdal Idrettskrets, som har fått støtte frå Gjensidigestiftelsen til dette føremålet.

Ordninga gjeld frå hausten 2020 til hausten 2021.

Kva er tilskot frå Kontantkassa?

Kontantkassa er ei ordning, der du kan søkje om tilskot på ein enkel og ubyråkratisk måte. Tilskotet skal bidra til at alle barn og unge kan delta i minst ein fritidsaktivitet uavhengig av familien sin sosiale eller økonomiske situasjon.

Ordninga gjeld for barn og unge i Aukra i alderen 6-18 år.

Kven kan søkje tilskot frå Kontantkassa?

Dei som kan søkje om tilskotet er:

  • Laget/foreininga, som idrettslaget, korpset, koret, lokallaget, kulturskolen og andre
  • Tilsette i kommunen, som helsesjukepleiar, miljøterapeut, lærar, barneverntenesta og andre

Barnet eller familien kan ikkje søkje sjølv. 

Krav til søkjar

Søkjaren må vurdere om familien er i ein slik situasjon at eit bidrag frå Kontantkassa vil vere avgjerande for om barnet kan delta på ein aktivitet eller ikkje. Det er barnet/familien sin situasjon som er avgjerande. Kontantkassa skal ikkje vere eit handslag til lag og foreiningar som har utfordringar med å inndrive kontingentar. 

Den som søkjer har ansvar for å følgje opp at barnet/ungdommen deltek i aktiviteten det er søkt tilskot til.

Vi ønskjer at det er to personar som er knytt til barnet/ungdommen som går god for søknaden. Med dette er meint at den som søkjer skal hjelpe barnet til å huske på og komme seg til aktiviteten i starten, men ikkje at den vaksne må følgje barnet på alle aktivitetane. Oppfølging kan også innebere å sjekke at kontingenten er betalt eller liknande.

Kva kan du søkje tilskot frå Kontantkassa til?

Det vert gitt tilskot til

  • Kontingent/semesteravgift
  • Turneringar/cup
  • Leir
  • Lommepengar
  • Utstyr for deltaking i fritidsaktivitetar

Kor mykje tilskot kan eg søkje om?

Du kan søkje om inntil kr 2.400,- per person per år. Det er muleg å søkje fleire gonger per år.

Slik søkjer du om tilskot frå Kontantkassa

Du kan søkje om tilskot frå Kontantkassa ved å bruke vårt elektroniske søknadsskjema.

Du kan søkje fleire gonger per år.
 

Vedlegg til søknaden

Du må leggje ved dokumentasjon som fakturaer eller kvitteringar.

Du kan òg søkje om tilskot på førehand. Då må du ettersende dokumentasjonen.

Frist for å søkje om tilskot frå Kontantkassa

Det er ingen søknadsfrist. Du kan søkje heile året.

Meir informasjon om tilskotsordninga

Vil du vite meir om ordninga? På Idrettsforbundet si heimeside kan du lese meir om bakgrunnen for ordninga.

Kontaktinformasjon

Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00
Lene Marita Husøy Ræstad
Ungdomsarbeidar
E-post
Telefon 71 17 15 82
Tove Charlotte Æsøy
Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 71 17 15 77
Mobil 986 12 740

Opningstider

Kommunehuset
Kommunehuset er ope alle kvardagar mellom kl. 10.00 og 14.00

Sentralbordet er ope mellom kl. 9.00 og 14.30