Viktig Rundebordskonferanse i Molde i årOrdføraren har møtt energiministeren på Rundebordskonferanse 2024 den 17. juli i Molde.Årets Rundebordskonferanse hadde fokus på energipolitikk i både notid og framtid, kraftsituasjonen og Ormen Lange fase 3. Deltakarane fekk også eit svært interessant tilbakeblikk på kva som gjorde at Ormen Lange vart etablert i fylket vårt og dermed Nyhamna i Aukra kommune. På konferansen møtte mellom anna energiminister Terje Aasland, administrerande direktør i Gassco Frode Leversund og administrerande direktør i Offshore Norge Hildegunn Blindheim. Samtalane var mellom anna innom temaet etablering av Hydrogen fabrikk i Aukra kommune. Vår ordførar Helge Kjøll jr (KRF) seier, at det var viktig å vere med på Rundebordskonferansen og høyre om moglegheitane for både Møre og Romsdal og Aukra kommune. Publisert 18.07.2024 15.00 Sist endra 18.07.2024 15.29