Velkommen til digital kafé 2. halvår 2026Ønsker du å lære meir om korleis du bruker smarttelefon, nettbrett eller korleis du navigerer på internett?Aukra pensjonistlag og Aukra kommune inviterer alle som ønsker det til digital kafé. Her vil du møte våre frivillige instruktørar og hjelpeinstruktørar som har vore med oss i fleire år. Dato, tid og stadDato: Kvar tysdag mellom 6. oktober til 8. desember 2026Tid: Kl. 14.00 - 16.00Stad: Soltun scene på Aukra kulturhusViktig informasjon om tilbodetTa med eige utstyr – smarttelefon, PC, iPad/nettbrett.Det er låg terskel for å delta.Vi stiller med kaffi og noko å bite i.Kvar samling vil ha ein felles del der vi ser på eit tema. So blir det hjelp rundt borda. Du kan få hjelp til det meste - så langt kompetansen til instruktørane rekk.Hugs: Det å møte menneske har ein verdi i seg sjølv.Må eg melde meg på?Du treng ikkje å melde deg på kafékvelden! Du kjem og går som du vil. Tilbodet er gratis. KontaktinformasjonTa kontakt med Wilhelm Andersen på telefonnummer 913 78 749 om du lurer på noko. Oversikt over tema 2. halvår 2026: Tema blir publisert når dette er klart Sist endra 31.07.2026 10.36