Varsel om gjennomføring av naturkartleggingar på Gossen og i Julsundet i veke 29

Aukra kommune informerer om at det i tidsrommet 13. til 17. juli vil bli gjennomført naturkartlegging på enkelte eigedomar på Gossen og i Julsundet, eigedomane det gjeld er vist på vedlagte kart. Arbeidet vil bli utført av konsulentar frå Naturrestaurering AS på oppdrag frå Aukra kommune.

Føremålet med naturkartlegginga er å innhente oppdatert kunnskap om naturtypar, artar og myr i område som kan vere aktuelle for framtidig utbygging. Resultata frå kartleggingane vil bli innarbeidde i kommunedelplan for naturmangfald, og vil vere eit viktig kunnskapsgrunnlag ved rullering av kommuneplanen sin arealdel.

Kartlegginga inneber feltarbeid der konsulentane ferdast til fots og registrerer naturtypar, myr og artar av forvaltningsmessig interesse. Arbeidet medfører inga form for inngrep, og det vil ikkje bli gjort skade på terreng eller vegetasjon. Konsulentane vil bere synlig legitimasjon og du kan kontakte dei ved behov.

Dersom du har spørsmål, ønsker å gi informasjon om tilhøve på eigedomen, eller har innspel til gjennomføringa, kan du kontakte:

Vi takkar for samarbeidet og set pris på at du bidreg til eit godt kunnskapsgrunnlag for naturforvaltninga i kommunen!